HØYR!

– Må selja kvoten etter fem år

14. februar 2020

Mjølkekvotane er til for å regulera mjølkeproduksjonen og ikkje noko meir enn det

Kristian Vinningland vil at mjølkekvotar som blir leigde ut, må seljast etter fem år.

Sjur Håland

– Det kan ikkje vera slik som nå at ein i verste fall skal kunna bu i ein tettstad og hente ut leigeinntekt fordi far eller farfar ein gong dreiv med mjølk, seier han.

Problematikken kring mjølkekvotane må ikkje lagast vanskelegare enn utgangspunktet; mjølkekvotane er til for å regulera mjølkeproduksjonen og ikkje noko meir enn det, seier bonden, som sjølv er mjølkeprodusent i Time kommune på Jæren. Vinningland held fram at tida er inne for å justera kvoteregelverket etter det han meiner er den nye kvardagen for mjølkeprodusentane.

– Reguleringa av mjølkeproduksjonen med mjølkekvotar er innretta for å gi produsentane ein høgast mogleg mjølkepris. Det prinsippet må haldast fast, seier han.

Frå stagnasjon og stillstand i starten på 2000-talet vart økonomien i mjølkenæringa gradvis betre. Då Sylvi Listhaug frå FrP vart statsråd, vart kvotetaket hevja samstundes med at taket for tilskot vart fjerna.

– Samstundes med at Tine fekk full verknad av den nye anleggsstrukturen, byrja kvoteleiga å stiga. Me hadde med oss ein god periode med moglegheiter for å oppgradera eller rehabilitera produksjonsapparatet rundt på gardane.

Mjølkeprodusentane går ei tøff tid i møte. Prisen på mjølk er under stadig større importpress. I tillegg skal næringa bidra til å finansiera den innanlandske konkurransen, seier bonden som nå ser føre seg ein ny kvardag.

– Dei som produserer mjølk framover har ikkje lenger råd til å betala betydelige beløp til passive kvoteeigarar. Når me snakkar om at opp mot ein tredjedel av all norsk mjølk ikkje blir tappa på eigaradressa, er me på ville vegar, seier han.

Vinningland held fram at mjølkeprodusentar som av ulike årsaker legg inn årene av og til vil trenga ein liten buffer i form av tid.

– Det kan vera greitt å leiga ut kvoten ei tid. For eksempel medan bonden ventar på avklaring om overtaking frå neste generasjon.

Han refererer til tal som synar at 99 prosent av dei som sluttar med mjølkeproduksjon, ikkje startar opp igjen.

– Me treng ei regelendring. Det er for mange som har vore for lenge ute or produksjonen. Kvoten er for desse ikkje anna enn eit verdipapir. Det er ikkje det mjølkekvoten er meint å vera. Utgangspunktet er at om du ikkje sjølv er mjølkeprodusent, skal du heller ikkje administrere ein kvote

Etter fem års-perioden ser Vinningland føre seg at utleigar har to val.

– Kvoteeigaren må enten starta opp att med mjølkeproduksjon eller selja kvoten til staten eller til marknaden, alt etter korleis regelverket blir innretta.