HØYR!

– Me må ta leiinga

jan 17, 2020

Foto: Privat

Den låge kraftfôrprisen er til hinder for norsk grovfôrutvikling

– Landbruket må prioritera fôr basert på norske ressursar, meiner Norleif Fjeldheim, mjølke- og slaktegrisprodusent på Skjold i Rogaland.

Jane Brit Sande

– Me må vera vakne. Det handlar like mykje om ressursutnytting og økonomi, som klima. Landbruket må ta plass i førarsetet og ta leiinga. Alternativet er at andre røyster i klimadebatten tar føringa på korleis norsk landbruk skal sjå ut, seier han.

Bonden viser til fleire moglege løysingar på utfordringa.

– Beiter og utmark kan og bør utnyttast betre enn i dag. Gjerdinga er eit hinder, men her er det ein digital revolusjon på gang. No manglar det berre at teknologien blir klar for alle beitedyr, seier han.

Han utfordrar også storfebønder til å vere meir strategiske i grovfôrproduksjonen.

– Graset kan utnyttast betre enn i dag. Me slår graset forholdsvis seint, og fyller på med kraftfôr. Den låge kraftfôrprisen er til hinder for norsk grovfôrutvikling, seier Fjeldheim.

– Til samanlikning slår nederlandske bønder graset seks gonger. No er dei rett nok lenger sør, og har eit litt anna klima enn oss, men det forsvarer ikkje at fleire av oss berre tek to slåttar her heime, seier han.

– Men kva med dei kraftfôrbaserte produksjonane, som gris og fjørfe?

– Eg er utruleg spent på kva som er mogleg å finna ut. Det går føre seg ein heil del forsking på råstoff til kraftfôr. Skal me satsa på andre kornsortar? Erter? Heile pakken er utruleg spanande, men eg saknar meir driv, seier Fjeldheim.

Bonden vil sjå både gulrot og pisk for å nå eit mål om høgare norskdel.

– Gulrota er at me kan få betre lønsemd i andre enden. Det vil vere naudsynt med tiltak for å endre vanar, men me har berre godt av å utfordra oss sjølve. Pisken er avgifter, me kjem diverre ikkje utanom. Og då må det bli synleg kva pengane blir nytta til, til dømes i eit slags avgiftsrekneskap, seier Fjeldheim.

Han har også ei oppmoding til kraftfôrprodusentane.

– Eg har blitt fortalt at norskdelen i kraftfôret er kring 70 prosent, og at det er proteinråstoffet som i høgast grad blir importert. Her må me berre klemma til. Det er mange kloke hovud der ute som kan bidra med løysingar, seier han.

Share This