LESARBREV

Myter og fakta om nydyrking i Rogaland

23. oktober 2021

Treng søknad: Graving av ein så brei kanal, og det å skyfle vekk matjord og legge ned mykje dyrkingsstein, er døme på søknadspliktige tiltak på innmark/utmarksareal.

Di meir areal som blir nydyrka på Jæren, dess viktigare er det å ta vare på miljøverdien til restareala. Likevel får heile 88 prosent av omsøkt areal, ja til nydyrking. Jærbonden har framleis handlingsrom.

Nono Dimby, seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland

Nydyrking har vore, er og vil vere eit viktig prioritert tiltak i Rogaland for å nå målsettinga om auka matproduksjon i Norge. Statsforvaltaren ønskjer å nyansere innhaldet i artikkelen i Bondevennen 27-2021 med tittel «Jærbondens handlingsrom skrumpar inn».

Frå 2010 til 2020 blei 2 015 dekar av omsøkte 2 219 dekar i årleg gjennomsnitt, godkjent for nydyrking i Rogaland. At om lag 91 prosent i årleg gjennomsnitt av søkt nydyrkingsareal blei godkjent i Rogaland viser difor at dei fleste, med noko justering på arealet, fekk godkjent sine søknadar.

Areal som ikkje blir godkjent for nydyrking kjem i hovudsak av lovpålagte føringar i forskrift om nydyrking for ivaretaking av naturmangfald, vassdrag og anna element i kulturlandskapet. Jæren har mykje dyrkbart restareal samanlikna med resten av fylket. Jo meir areal som likevel blir nydyrka i eit område over tid, dess høgare miljøverdi får restareala, – og naturverdien aukar. Slik er det på Jæren, men gjennomsnittleg årleg godkjent areal til nydyrking i høve til søknad, er likevel på 88 prosent.

Om dyrkbart areal i Rogaland

Trekk vi frå dyrkbart myrareal som er omfatta av forbodet mot nydyrking, har Jæren om lag 60 prosent av det dyrkbare arealet i Rogaland. Det dyrkbare arealet på Jæren inkluderer likevel areal med høg samfunns- og miljømessig verdi. Dette er areal i tett nærleik til sårbare vassdrag, – og areal med flora, fauna og fugleliv som er viktig å ta vare på. Å ta vare på større samanhengande restareal, behalda «øyar» av intakte innmarksbeite og utmarksbeite, og å sikre sårbare kantsoner, er særs viktig i det intensive jordbruket på Jæren. Kommunane vurderer dette konkret i kvar søknad om nydyrking. Gjennom god dialog med søkjar blir ein del areal justert vekk. Det er slik sett ein del areal som ikkje kjem inn i statistikken som er vist her.

Nydyrking i Rogaland 2010 – 2020
Kjelde: SSB

Om regelverket, kunnskapsgrunnlaget og nydyrking

Regelverket om nydyrking har vore uendra frå 1997, inntil forbodet mot nydyrking av myr kom sommaren 2020. Kunnskapsgrunnlaget som ligger til grunn for behandling og vurdering av søknadar om nydyrking er derimot blitt vesentleg betre sidan 1997. Utfordringsbiletet i dagens landbruk på klima, ureining til luft og vatn og biologisk mangfald, er vesentleg endra dei siste 20 åra.

Stortinget vedtok å gjere endringar i forbodet mot nydyrking av myr i mai 2021. Endringane må få ein juridisk gjennomgang før iverksetting. Dagens forbod mot nydyrking av myr står difor enno ved lag.

Lovverket og kommunal sakshandsaming

Forvaltninga har plikt til å gi informasjon og råd til bønder i samband med eit planlagt tiltak. Søkjar som er misnøgd med eit offentleg vedtak har lovfesta klagerett. Demokratiet fungerer slik at politiske organ i kommunane kan behandle klager. Det kommunale sjølvstyret må likevel halde seg innanfor gjeldande lovverk. Vedtak i strid med lovverket er ugyldige vedtak. Statsforvaltaren sine oppgåver er, mellom anna, å sikre at kommunane følger regelverket og at det er likebehandling mellom kommunar. Dette for å unngå at dei einskilde kommunane får sin eigen praksis med tolking og behandling av saker i strid med forskrifta.

Det dyrkbare arealet på Jæren inkluderer areal med høg samfunns- og miljømessig verdi.

Nono Dimby

Fagrådgivarar og konsulentar i landbruket

Forvaltninga har plikt til å gi bønder rettleiing i høve til søknadar innan ulike tiltak. Bønder har som yrkes-utøvarar eit sjølvstendig ansvar for å setje seg inn i lovverket i landbruket. Rådgivarar, konsulentar og rettleiingstenesta er òg gode å nytte. Bonden har likevel lite å tene på å få juridiske råd frå konsulentar som tolkar lovverket på ein uheldig måte.

Kan tidlegare godkjent spreieareal miste sin status?

Statsforvaltaren i Rogaland godkjende innmarksbeite som spreieareal på 1990-talet. I dei fleste høva var kommunane aktive i å kartfesta godkjent innmarksbeite-spreieareal i det digitale kartverket (DMK). Merksame bønder var ut frå uventa låg utbetaling av areal- og kulturlandskapstilskot, raske til å melde frå til forvaltninga om eventuelle manglar på innmarksareal i dei offentlege karta. Arbeidet med å oppdatere kartverket til dagens areal- og ressurskart (AR5) blei sluttført i 2008. Innmarksbeite som ligg i AR5 er i dag det som formelt ligg til grunn for utbetaling av AK-tilskot. Gamle godkjenningar på spreieareal frå 1990-talet som pr. i dag ikkje er kartfesta som innmarksbeite i AR5, er difor å rekne som utmark. Forbodet mot spreiing av husdyrgjødsel i utmark står ved lag på desse areala.

Dyrkbar jord på Jæren og totalt i Rogaland
Kjelde: SSB

Gravemaskina på beite og utmark?

Å få eit munnleg klarsignal frå kommunen på til dømes å reinske ei gamal, smal grøft, og så ende opp med ei så brei og djup grøft at beitedyr ikkje kan hoppe over, er uheldig. Skal gravemaskin nyttast på areal utanom overflatedyrka eller fulldyrka jord, er vårt klare råd er å kontakte kommunen skriftleg god tid i forkant. Beskriv klart kva som skal gjerast. Då vil du få rettleiing på om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje, og du slepp uheldige konsekvensar i ettertid.

Omsynet til miljøet er viktig, også for landbruket

Rogalandsbønder som er ivrige på å nydyrke, er etter Statsforvaltaren sitt syn eit positivt teikn på eit sunt landbruk med aktive bønder som vil styrke sitt bruk. Landbruket må, som alle andre næringar, sikre omsyn til natur, klima og miljø. Det vil vere avgjerande for konkurransekrafta til eit berekraftig landbruk i Rogaland også i framtida. Å finne rett balansen mellom auka matproduksjon og samstundes ivareta miljøet er ei utfordring som må følgjast opp i alle ledd innan landbruket.