MOLDROK

Næringa treng ikkje giddelause

9. november 2021

Ung og erfaren: Agronom-utdanninga er så viktig for samfunnet at dei som tar den, bør få fagbrev, skriv agronom Erlend Handeland (19). Foto: Privat

Agronom’en kan ikkje vere for dei som ikkje gidd noko anna. Me som brenn for landbruk og matproduksjon fortener den høgare statusen som følgjer med eit fagbrev.

Erlend Handeland, agronom frå KVS Lyngdal

Bonde er kanskje den viktigaste jobben og livsstilen i Noreg. Som bonde skal du sørgje for mat på bordet til millionar av menneske. Arbeidet skal du utføra i tråd med retningslinjer og krav for at samfunnet skal kunne ete trygg, sunn og berekraftig mat. Med ein så viktig jobb – er det då kvalifiserande nok berre å ha vakse opp på gard? Er det godt nok at ein med dårlegare karakterar, laber innsats og lite fagforståing kan få tittelen «agronom »?

Eg meiner nei. Folk som ikkje har tatt ansvar og vist interesse under utdanninga, bør ikkje ha ansvaret med å produsere mat til folk. Denne produksjonen skal me som er interesserte og som har grunnleggjande kunnskap stå for. Og for å sikre mat av stadig betre kvalitet meiner eg at agronomen skal få fagbrev.

Vitnemålet seier lite

Eit fagbrev er eit bevis på at du har fullført ei yrkesutdanning. Det fortel at du har interesse og derfor har arbeidd hardt og målretta for å bevise at du er klar til å kome ut i ei bedrift for å halde fram med opplæringa. For å få dette beviset inneber det i dei fleste tilfelle to år på skulebenken med både teori og praksis, før du har ei opplæringstid i bedrift på to til tre år.

 

Agronomutdanninga seier lite om i kva grad eg har kjent jord i neven og lukta av lort i nasen.

 

I dag får agronomen berre eit prov på endt utdanning, altså eit vitnemål. Vitnemålet seier lite om kva vedkommande har vore gjennom av både praktisk og teoretisk stoff, noko som også varierer frå skule til skule, og med interessa til både lærarar og elevar.

Fordelar med fagbrev

Ein del arbeidsgjevarar ser i første omgang etter kompetanse på papir, også innan yrkesutdanningar. Det er forståeleg at det er lettare å tilsette ein med fagbrev innan landbruk, enn ein som «berre» har tittelen agronom. Ein fagperson har jo alt hatt eitt par år ute i arbeidslivet.

Som fagarbeidar ville det ikkje berre vore lettare å få seg jobb, me hadde også hatt krav på meir løn enn ein ufaglært. I snitt dreiar dette seg faktisk om 30.000 kroner i året.

Ulike vegar til agronom

Er du arbeidsgjevar, er det viktig å kjenne til kva utdanningsprogram arbeidstakaren har vore gjennom. Til agronom er det hovudsakleg tre vegar:

  1. Vg 1 Naturbruk, Vg 2 Landbruk og gartnernæring og Vg 3 Landbruk
  2. Vg1 Naturbruk, Vg 2 Skogbruk og Vg 3 landbruk
  3. Årsstudium/Vinterkurs

Den første varianten er den som gjev deg djupast kunnskap. Det var denne retninga eg valde på KVS Lyngdal. Då eg starta på Vg 1 var eg allereie svært interessert i faget, men gjennom tre år på jordbruksskulen vaks interessa endå meir.

I tillegg til kunnskap om spesifikk gardsdrift med dyr, økonomi, traktorar, maskinar og utstyr, lærte eg her å forstå samanhengane i naturen, å forvalte den og ressursane våre, og eg fekk grunnleggjande kunnskap om ulike planteartar og dyrking av desse.

Ikkje for uinteresserte

Sjølv treivst eg godt på skulen. Eg lærte gjennom både undervisning og fritid, og klassemiljøet var bra. Likevel var det éin ting som kunne tirre meg litt, og som stadig tirrar meg meir og meir:

Vitnemålet frå agronomutdanninga seier lite om kor godt eg kjenner norsk landbruk. Det seier lite om i kva grad eg har kjent jord i neven og lukta av lort i nasen! Det seier faktisk òg lite om i kva grad eg har bidratt i gardsdrifta sjølv, eller om eg berre har vore til stades og sett på. Det eg kan vise til etter tre år på jordbruksskule er rett og slett berre ein tittel. Det er ikkje godt nok. Me skal trass alt produsera mat. Me skal ha ansvar for levande vesen, både menneske og dyr. Agronom’en kan ikkje vere ei utdanning for dei som ikkje gidd å ta ei anna utdanning. Ho skal vere for dei som brenn for landbruket.

 

Teori kan ein lett gløyme, men praksis heng lenge att i fingrane.

 

«Learning by doing»

Som i yrkesutdanningar som fører til fagbrev, bør agronomar òg ha ei tid i praksis. I løpet av perioden, som kanskje er på to år, bør agronomen vere innom alle fagfelta som er nemnt over. Dette tyder då sjølvsagt at eleven må vere lærling hjå fleire arbeidsgjevarar. Det kan til dømes vere på eit mjølkebruk, eit bruk med sauehald, i ei avlsbesetning og hjå ein grønsaksbonde. Med fleire ulike arbeidsstader får den komande agronomen ei forståing av breidda innan næringa. Det er på denne måten eg og nokre medelevar har oppretthalde interessa og auka kunnskapen vår. Me har snakka med gardbrukarar over store delar av Noreg, i ulike landskap og med ulike produksjonar. Dei har delt erfaringar og lært oss om forskjellige driftsopplegg. Det er på grunn av dette eg minnest teoriundervisninga i frå klasserommet. Teori kan ein lett gløyme, men praksis heng lenge att i fingrane.

Mange agronomar, eller komande agronomar, arbeider på gard, men på langt nær alle. Nokre har aldri gjort det, og ynskjer kanskje heller ikkje å gjere det. Eg undrast: Kvifor får folk utan interesse for faget same tittel som dei av oss som ynskjer å leve av og med jorda?

Giddelause og uinteresserte bør ikkje ta agronomutdanninga. Derfor må det innførast fagbrev for at dei som verkeleg gjer ein innsats skal kunne kalle seg agronom.