Ode til havren

16. mars 2018 | Dessutan

Åsmund Bjørnstad

Klokker av havre som ute i regnet
dropetungt heng ifrå tallause åk,
ringer for ingen all åkeren lang;

til grønklokker, gulklokker, lutande toppars
sølvøyredobbar når blinkande soldrypp
kløyvde i grønt krystallinsk klorofyll,

bind karbonet til korn, kalligrafisk,
i rader ned åkerens hallande bokrull
med skriftteikn du nyfiken ser meir enn skjønar;

dei stiller deg inn, gradvis fylt og meir still,
ein musikk i august, då du ikkje tenkjer: snart
er alt forbi; for eit anna tek til,

då klokker som grøne var snart blir gule
og kling i rislene tørre når sigden
svisjande bind nek av nyfylt gullregn,

der skysshestar ein gong fekk gomle om natta
på godt med mjuk halm som saug i seg pisset
så dei neste morgon stod nystrigla klare

den gong då havren var stor, essensiell,
var diesel for samferdsla, og drog plogen,
livsnødvendig som saltet; på ny

blir du no ropt fram or enkle kår,
rehabilitert, lik ein tarveleg dialekt,
sjølveigar blitt, dei siste dei første,

helsebot, gryna no, sertifiserte
for blodtrykk og tykktarm, i hudkrem og såpe;
så når, i høgt solstøv, havren blir treskt,

klokkene pensla mot blått med spissar
så tynne som tråden i ditt enorme genom,
som ingen, så lenge, har brydd seg om nøste –

då, sålda og sikta for agner og halm,
kimar mot stålet den oppfylte tyngda
i klokker som kling ut, fornya.

 

Frå boka Åkeren på Manhattan, som kjem ut til våren på Det norske Samlaget, www.samlaget.no