MOLDROK

Ta plass i bioøkonomien

Foto: Istock

Kvifor skal bønder og folk flest bry seg om bioøkonomi? Er ikkje bioøkonomi berre endå eit høgtsvevande omgrep som styresmaktene har lansert, men som er heilt utan innhald og retning? Kvifor kan ikkje jordbruket få halde fram med det som er primæroppgåva, å produsera mat? Mon tru om eg kan greie å gje nokre fornuftige innspel til desse spørsmåla.

Bioøkonomi er lansert som ei av løysingane me treng for å møta dei store samfunnsutfordringane i tida vi lever i. Høgt på lista over desse utfordringane står klimaendringane og effektane av desse på naturressursane, på mat- og ernæringssikkerheit, folk og helse. Målsettinga er å produsere nok og rett mat, grøn energi, å minimere utsleppa av skadelege gassar, og aller helst å ta opp og lagre dei gassane som triggar klimaendringane. Slik kan bioøkonomien være ein del av løysinga. Og her vil jordbruket spele ei stor rolle.

Bøndene eig og driv store delar av den landbaserte produksjonen av bioressursane. Med i overkant av 40.000 jordbruksbedrifter i Noreg, er bøndene særskild viktige aktørar i framtidas bioøkonomi. I ei undersøking Ruralis (tidlegare Norsk senter for bygdeforsking) har gjennomført, svarar over halvparten av dei frå jordbruket at dei ser føre seg å vere viktige bidragsytarar. Vi ser likevel at delen er høgare innanfor skogbruket, marin sektor, og frå bioteknologi og forskingssektorane. Landbrukets organisasjonar og samvirkeorganisasjonane er aktive på sentralt hald. Her bør likevel ikkje bøndene vere sjenerte. Dei må melde seg til teneste og bidra med sine idear til utvikling og løysingar som dei oppdagar i sitt daglege virke på gardane. Bioøkonomien er ikkje berre for dei største aktørane.

Men kva er nytt i bioøkonomien? Er ikkje jordbruket med sin produksjon av bioressursar sjølve definisjonen på bioøkonomi? Jo, men nei. Jordbruk har ei sjølvsagt rolle i bioøkonomien, men det er mykje som kan gjerast for å fylle behova i framtidas bioøkonomi. Det handlar om å utnytte alle ressursane betre, om å redusere klimaavtrykket, og om å produsere for nye behov og marknadar. Dette bør skje i større samspel med aktørar, næringar og sektorar som ein ikkje samarbeider med i dag, til dømes marin sektor. Transport- og avfallssektorane er også døme på viktige partnarar som vil vere opptatt av betre utnytting av nye råstoff og energikjelder i tida framover. Det er mykje kompetanse i jordbrukssektoren, men kanskje er det i møte med nye alliansepartnarar at kunnskapen får vekstvilkår og omfang utover eigen sektor.

I regjeringa sin bioøkonomistrategi blir bioøkonomi definert som «berekraftig, effektiv og lønsam produksjon, uttak og utnytting av fornybare biologiske ressursar til mat, fôr, ingrediensar, helseprodukt, energi, material, kjemikaliar, papir, tekstil og andre produkt». Forsking, teknologi og IKT vert framheva som viktige støttespelarar i bioøkonomien. Biologiske ressursar i bioøkonomien kjem frå produksjon både på land og i hav, og omfattar fleire ulike sektorar. I bioøkonomien får nesten alle vere med i verdiskapinga, frå dei tradisjonelle bionæringane, industri og næringsliv, støtteapparat, kunnskap og rådgivingssektor, og marknad.

Det som ikkje er med i bioøkonomien er verdiskaping basert på ikkje-fornybar karbon. Den norske oljeøkonomien skal med andre ord bli erstatta av bioøkonomien. Eit bioøkonomisamfunn er eit samfunn med lavt utslepp av klimagassar, der ressursane vi forbrukar er fornybare og inngår i sirkulære kretsløp slik at det mange i dag kallar avfall inngår som råstoff i nye verdikjeder. Det er eit samfunn der folk etterspør grøne varer og tenester. Grøne, i tydinga berekraftige og med lågt klimaavtrykk. Dette treng ikkje gå på kostnad av livskvaliteten til folk flest, men det inneberer ei stor omstilling i produksjons- og forbruksmønstra våre.

Ruralis har fått oppdraget å leie forskingsprosjektet Biosmart, om korleis vi kan få til ein overgang til ein smart bioøkonomi. Med smart forstår vi ein bioøkonomi som tek på alvor dei problema dagens aktivitet skaper, og som leiter etter løysingar som framtidas generasjonar har behov for. I prosjektet står difor framsynsanalysar sentralt, men også analysar av kva rolle dagens «bioøkonomar» – blant dei bøndene – ser føre seg å spele i framtidas bioøkonomi.

For at bønder og andre skal engasjere seg i bioøkonomien treng vi både visjonar og realisme. Visjonane må vere ambisiøse, men verkemidla og aktivitetane må vere konkrete. Jordbruket skal sjølvsagt produsera mat i framtida, men bioøkonomien gjer det også mogleg å skape nye produkt og verdiar frå ressursar som elles ville gått til spille. Spesielt er det knytt store forventningar til bøndenes framtidige posisjon i energimarknaden. Bioøkonomien kan også bidra til auka verdiskaping for det som i dag er jordbrukssektoren. Men då må ikkje bioøkonomi berre vere eit verbalt moldrok, som styresmaktane driv opp i jakta på svar på det siste problemet på blokka, og som legg seg når siste punktum er satt i stortingsmeldinga.

Ansvaret for å halde drivet oppe i bioøkonomien kan likevel ikkje berre ligge hos sentrale styresmakter. Her må bønder, saman med kollegaer i alle delar av bioøkonomien, vise engasjement og interesse for endring, og folk flest må velje grøne varer og tenester. Om bioøkonomane lukkast, vil desse vala vere sjølvsagte.

Hilde Bjørkhaug
er vestlending, landbruks- og matsosiolog og seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning.

Share This