Møtet sett: Om lag 500 bønder, landbrukselevar, politikarar og

byråkratar fann vegen til Varhaug

siste måndag i januar.

Kva fekk dei ut av det, tru?

Møtet sett: Om lag 500 bønder, landbrukselevar, politikarar og byråkratar fann vegen til Varhaug siste måndag i januar. Kva fekk dei ut av det, tru?

KOMMENTAR:

Varhaug-møtet kan vera viktig

31. januar 2025 | Dessutan

Skal stormøtet i Hå spela ei større rolle kan ikkje jærbøndene ta til takke med feilplasserte politikarar og pizza.

Bothild Å. Nordsletten

​Andreas Bjorland skal vera unnskyldt.

– Velkomen til det viktigaste landbruksmøtet i landet, helser han dei rundt 500 frammøtte til Varhaug-møtet siste måndagen i januar.

Påstanden er han vel unt, bonde og ordførar (KrF) som han er i vertskommunen Hå.

Men påstanden stemmer ikkje.

Korleis skal ein elles tolka det faktum at berre to av sju parti prioriterer å senda sine landbrukspolitiske talspersonar hit? Og det trass i at arrangørane inviterte nettopp dei, før jul? Trass i regjeringa si åtvaring om moglege kriser og krig og at bøndene derfor er avgjerande for å auka sjølvforsyninga, og at auka sjølvforsyning er avgjerande for totalberedskapen? Trass i at partia i eit stortingsvalår skulle få stå andlet til andlet med dei mest produktive bøndene i landet, pluss dei fleire tusen andre veljarane som følgde møtet på nett?

Viktigaste landbruksmøtet i landet? Ikkje alle som tykkjer det, nei.

Oppblåste forventingar

I forkant av denne måndagen hausar lokale og regionale medier opp forventinga til «stormøtet». Ja, for korleis er eigentleg stoda i landbruket, vil den fjerde statsmakt nå vita. Som om den matproduksjonen som livet til kvar nordmann dagleg avheng av er eit forunderleg land i ein avsides silo alle andre dagar.

Unge bondespirer vert som vanleg intervjua om draum og tvil, satsingsvilje og skepsis. (Ein tar det jo for gitt, sant, at å velja vegen som matprodusent er eit hasardspel med den totale uvissa.)

Ja, og korleis blir jordbruksoppgjeret? Blir det pengar på bøndene, eller brot og opprør? Kva blir konsekvensen av eit regjeringsskifte?

«Det er så ein tar seg i å lura på korleis det står til med den jærske sjølvrespekten.»

Slik framstår ofte bondemøte som lagnadstunge kamparenaer.

I eit land der berre sju promille av befolkninga veit korleis ein produserer mat, og me er avhengige av å importera 60 prosent av kaloriane, er denne kjensgjerninga like talande som den er tragisk.

Men, for all del: Svært mykje står jo på spel for norsk matproduksjon og matberedskap.

Derfor er det nedslåande å oppleva at Varhaug-møtet er i ferd med å bli ein putlen’ karikatur av eit bondemøte.

Denne siste måndagen i januar let ein nemleg høvet fara til å reise kjerringa, syna stolt styrke og å krevja politisk framsyn.

Voss/ Varhaug

Det mindre viktige først: Lat oss bruka NHO sitt årlege Solamøte som kontrast. Eller statsforvaltarene sine landbrukskonferansar, for den del.

Her sit næringslivstoppar, byråkratar og embetsmenn rundt små bord med behageleg dempa belysning så ekspertar og påkosta kulturinnslag på scena kan skina og løfta møtelyden opp av kvardagen. Til lunsj lør dei på frå dampande bufféar. Dei, som til dagleg snurrar rundt i mjuke stolar, klimaregulerte kontor og subsidierte kantiner.

Kor er det forskriftsfesta at bønder som har sitt daglege virke aleine og i all slags ver og animalske kroppsvæsker, skal benkast på plaststolar i eit alt for stort idrettsanlegg med gråkaldt lys, spakt lydanlegg og ikkje ein samlande song eller humorinnslag i sikte?

Korleis har det seg at scena, der kampen liksom skal stå, må vera så laaangt bortanfor første stolrekke at politikarane der oppe knapt er synlege, der dei må tokka seg sidelengs inntil kvarandre for å kunna dela på mikrofonen?

På eit nyleg stormøte om matberedskap i regi av folkerørsla Mening, mat og mot på Voss fekk dei 700 frammøtte felelåt, korsong, heimelaga betasuppe og kaker. Scena var pynta med lokale produkt – smalahove inkludert – presentert på halmballar.

Scena på Varhaug er pynta med importblomar i bryllaupsfargar. I pausen får bøndene pizza.

Det er så ein tar seg i å lura på korleis det står til med den jærske sjølvrespekten.

For me kan betre enn dette, kan me ikkje?

Blått matfylke

Jærsk stil og matstell til sides. Langt meir alvorleg denne kvelden er politikken.

Som i at Høgre og FrP vel å senda omsynsvis Margret Hagerup og Pål Morten Borgli til Varhaug. Til liks med dei to er heller korkje SVs Ingrid Fiskaa, Krfs Jonas Andersen Sayed eller Naomi Wessel frå Raudt landbrukspolitiske talspersonar.

«Kva gjer ho her?»

Men sistnemnde tre har tilsynelatande pugga landbruksleksa si nok til å framføra bodskapen med eit visst truverd. Anten det gjeld talgrunnlag, tollvern eller sjølvberging.

Hagerup og Borgli sine talent, derimot, ligg openbert andre stader.

Eller kva kan ein sei når Hagerup entrar scena og finn det på sin plass kjekt å erklæra at ho ikkje veit kva som skal til for å lukkast med landbruket? Sjølv etter dei nesten åtte åra ho har sete på tinget og etter eige utsagn tileigna seg «masse kunnskap» om næringa?

Kva gjer ho her?

Eller Borgli, på sikker andreplass for FrP til tinget, som lovar dei unge ei lys framtid, for nå skal han setja bonden fri, kasta om på odelslova, marknadsreguleringa, reguleringsplanar og kulturminne-heft? Utan eit ord om konsekvensane.

Kva gjer han her?

Panelet: Det viktigaste landbruksmøte blir det kalla, likevel var det berre Sp og Ap som sendte sine landbrukspolitiske talspersonar

til Varhaug. F.v. Pål Morten Borgli (Frp), Margret Hagerup (H), Jonas Andersen Sayed (KrF), Naomi Wessel (R), Geir Pollestad (Sp),

Ingrid Fiskaa (SV), Solveig Vitanza (Ap).

Panelet: Det viktigaste landbruksmøte blir det kalla, likevel var det berre Sp og Ap som sendte sine landbrukspolitiske talspersonar til Varhaug. F.v. Pål Morten Borgli (Frp), Margret Hagerup (H), Jonas Andersen Sayed (KrF), Naomi Wessel (R), Geir Pollestad (Sp), Ingrid Fiskaa (SV), Solveig Vitanza (Ap).

Høgre og FrP har folk som kan landbruk betre. Men når partia som ligg an til å få makta til hausten prioriterer å senda desse to til Varhaug, kan det tolkast som eit signal om at ein ikkje tar korkje jærbøndene eller landbruket så veldig alvorleg. Det er i så fall respektlaust.

Ville partia kanskje ha sendt ein familiepolitisk talsperson til eit viktig NATO-forum? Eller sin religionspolitisk ansvarlege opp i panelet på ein olje-og-gass-konferanse?

Møtearrangørane i Hå burde forlanga betre.

Eller kanskje veit det betre enn å gjera det. Folk flest i Rogaland stemmer Høgre, uansett. Frp var tredje største parti ved førre stortingsval.

Ingen plan? Den er grei, du!

Men sjølv ikkje Hagerup og Borgli si «bombe» om at dei vil skrota forhandlingsinstituttet (Hagerup trakk det tilbake på Facebook dagen etter) er det mest urovekkjande denne måndagen.

Det skumlaste er at korkje landbruksminister Pollestad, Aps landbrukspolitiske talsperson Solveig Vitanza, ei heller SV, Raudt, KrF, H eller FrP har ein konkret plan for korleis dei skal oppnå det dei vedtok på Stortinget i fjor vår: At sjølvforsyningsgraden skal opp frå under 40 til 50 prosent innan 2030.

Ei heller bondelagsleiar i Rogaland, Ståle Hustoft, eller Bjørn Gimming i Norges Bondelag, har ein slik plan.

Den er ikkje eingong tema.

«Varhaug-møtet openberrar kor mykje brakkmark som rår i det landbrukspolitiske feltet.»

Men det er mindre enn fem år til «innan 2030». Sjølv berre eit forsøk på å produsera 25 prosent meir mat til dess vil ha djuptgripande konsekvensar for dei 500 i salen. For inntektsutviklinga deira. For familiane. For oss alle. For kosthaldet vårt. Kraftfôrbruken (den må ned). Plante- og grovfôrproduksjonen (den må opp). For distrikta.

Skal Varhaug-møtet vera viktig ut over å stadfesta kor flott eller skakkøyrt landbruket er, og at pizza er praktisk, må noko skje.

Det gjer det ikkje, all den tid ein tar til takke med allround-politikarar som tak­lar det generelle spelet, men ikkje kan nok til å tenka djervt om vegen fram for jordbruket.

Kor er me våren 28’?

Så her er nokre framlegg til korleis Varhaug kan bli «great again»: By møtelyden på mat som nærer og song som samlar. Kutt usikre politikarar som tygg drøv på «Landbruk i heile landet» og «Utrulege, fantastiske egg/kjøt/grønsaker/bønder…».

Og slepp ikkje dei folkevalde or hallen før dei svarer på avgjerande spørsmål for framtida som:

– Kva skal sjølvforsyningsgraden vera ved våronna 2026? Etter skuronna 2027? Rundt førsteslåtten i ’28? Etter innhaustinga i ’29?

– Kva er den konkrete planen til partiet ditt for å koma dit, sesong for sesong?

Med mindre stortingets sjølvforsyningsmål er fake, fortener folk ein forpliktande og trinnvis handlingsplan. Nå. Lat Varhaug-møtet bli eit årleg barometer på korleis ein ligg an.

«Ville partia ha sendt ein familiepolitisk talsperson til eit NATO-forum?»

Vår i vente

I opningshelsinga håpte ordførar Bjorland at møtelyden omsider skulle kunna gå heim litt meir opplyste og litt tryggare på framtida enn då dei kom til Varhaug.

Mon gjorde dei det?

Men dei kan gjera det.

Årets Varhaug-møte openberrar kor mykje brakkmark som rår i det landbrukspolitiske feltet. Slik sett var det kanskje litt viktig, likevel.

Så kor nå?

Initiativet til å gjødsla, dyrka og ta hevd på brakkmarka tilhøyrer den som tar det. Kunnskap, framsyn og gjennomføringsevne er avgjerande for å lukkast.

Dei Hå’ bør retta ryggen og setja klårare premiss for korleis landbrukspolitikken skal dyrkast.

Så kan våren koma.

Foto: Istock / gmnicholas