HØYR!

Vil ha satsing på bygdeungdommen

Foto: Emma Gerritsen

Naturressursane er i distrikta. Då må det vere folk der som kan nytte dei.

Norges Bygdeungdomslag vil ha liv på bygda og lys i fjøsa. No håper dei den nye regjeringa vil vise at dei satsar på bygdeungdommen og landbruket.

Jane Brit Sande

Inger Johanne Brandsrud, leiar i Norges bygdeungdomslag, meiner at den nye regjeringa har eit unikt høve til å visa at dei satsar på landbruket og bygdeungdommen.

– I dette valet har folket sagt tydeleg i frå om at det er på tide med eit regjeringsskifte. Men etter åtte år med ei regjering, må me også gi dei nye ein sjanse. Enn så lenge er eg positiv til kva dette vil føre med seg, seier Brandsrud.

Ho er ikkje i tvil om kva som må til for at unge skal velje eit liv i landbruket.

– Me må ha ei inntekt det er mogleg å leve av og med, slik at me kan gi familien vår dei same moglegheitene som andre kan, seier ho.

– Naturressursane er i distrikta. Då må det vere folk der som kan nytte dei, seier Brandsrud.

Bygdeungdomslaget vil sjå meir investeringsmidlar på bordet.

– Ved ei overtaking er det oftast naudsynt å gjere ei investering i bruket, om det er oppgradering eller vedlikehald, eller i maskinar og utstyr. Investeringsmidlar gjer det lettare å ta over garden, seier Brandsrud.

Men det er ikkje alltid arbeid til begge på ein gard. Partnaren må gjerne ha arbeid utanfor.

– Då må moglegheitene vere der. Ein nyetablert familie på bygda betyr liv i barnehagar og skular – og fleire arbeidsplassar, seier Brandsrud.

Bygdeungdommen er opptekne av at det må leggast til rette for eit liv på bygda på lik linje med eit liv i byen. Derfor er breiband ein kampsak. Verdien av god tilgang til internett har kome svært tydeleg fram no i pandemien, seier Brandsrud.

– Studentane reiste frå byane og heim til bygda då pandemien starta, men møtte titt på hindringar. Eg har høyrt fleire historier om problem med å levera oppgåver, følgja førelesningar, og å ha møte med rettleiarar i samband med bachelor– og masteroppgåver, seier Brandsrud.

Sjølv har ho hatt problem med å ta del i digitale møter.

– Eg bur berre ein time utanfor Oslo, men har fleire gonger brukt telefonen for å ta del i møter fordi nettkoplinga ikkje har fungert, seier ho.

– Slikt er frustrerande. Bygdeungdommen vil vere på nett på lik linje med byen.

– Alle må med i det digitale skiftet. Slik er det ikkje no, seier Brandsrud.