HØYR!

Vil halvere nedbygginga av jord

Foto: Stortinget

Tvil om at det er nok mat, skapar uro

– Ei svært realistisk målsetting, seier Sp-politikar Geir Pollestad om partiet sitt forslag om å redusere omdisponeringa av matjord til 2000 dekar årleg innan 2026.

Jane Brit Sande

– Dette handlar 100 prosent om beredskap. Dagens situasjon viser oss kva som kan skje, men det kan også bli verre. Me kan ikkje øydelegga ressursane me nytter til mat. Tvil om at det er nok mat, skapar uro, slår han fast.

Stortingsrepresentant for Rogaland Senterparti og leiar av Næringskomiteen meiner at nedbygginga av dyrka mark har hatt ei positiv utvikling.

– Men Sp har større ambisjonar, seier Pollestad.

Han viser til det nasjonale jordvernmålet frå 2015, som ville redusera nedbygginga til 4000 dekar årleg innan i år. Målet vart nådd innan fristen, og no meiner Pollestads parti at det er på tide å halvera nedbyggingstakten til 2000 dekar årleg innan 2026. Årsaka til at partiet ikkje har gått for ein null-visjon i denne omgang, er dei store infrastrukturprosjekta som ligg klare, til dømes ny E39 som vil ta ein heil del matjord.

– 2000 dekar er fortsatt mykje matjord. Me meiner at regjeringa må legga fram ein eigen strategi for Stortinget med tiltak for å nå jordvernmålet. Mellom anna skal bustads- og industriutbygging gå føre seg på anna areal enn på dyrka mark, seier han.

– Me meiner dette er ei svært realistisk målsetting, slår Pollestad fast.

Verre er det derimot med dyrkbar mark.

– Derfor har Sp bedt regjeringa om å koma med eit eige mål for omdisponering av dyrkbar mark i tillegg, seier Pollestad.

Ein rapport frå SSB og NIBIO viser at landbruket sjølv stod for 20 prosent av nedbygginga av jord i perioden 2004- 2015. Pollestad meiner at også landbruket må vere med på å redusere nedbygginga. Derfor ber Sp regjeringa om tiltak som vil redusera jordbruket sitt eige forbruk av matjord.

– Det kan bety at det ikkje er heilt sikkert at bonden får det som han vil når det til dømes skal byggast ny driftsbygning på garden. Kanskje må bygningane i tunet stå litt tettare enn han hadde tenkt, seier Pollestad.

– Ei utrekning utført av Nationen i fjor, avslørte at Sp-ordførarar omdisponerte meir matjord enn Høgre-ordførarar. Inneber den nye målsettinga at partiet ditt må gå inn i seg sjølv?

– Eg går ikkje god for den utrekninga. Men ordførarar for alle parti må belage seg på strengare reglar. Matjord er ein nasjonal ressurs, og det betyr nasjonal forvaltning, seier Pollestad.