HØYR!

Vil løfte produksjonen av korn til grovfôr

Slik marknadsordninga er rigga no, er prisnedskrivinga eit reint «mølle-tilskot»

Mjølkebonde Rune Haugland vil ha prisnedskriving også av korn som blir nytta til grovfôr.

Jane Brit Sande

I førre nummer av Bondevennen sa leiar av innovasjon og fagutvikling i teknologiselskapet Mimiro, Harald Volden at «vi bruker fleire hundre millionar på prisnedskriving av korn. Kan hende skal vi bruke litt av desse pengane til å stimulere grovfôrproduksjonen». Rune Haugland meiner det er viktig å løfta debatten om storleiken på prisnedskrivinga.

– Det ser ut til at den er auka i fleire omgangar dei seinare åra for å få reknestykket under jordbruksforhandlingane til å gå i hop, seier han.

– Nokon vil fjerna prisnedskrivinga på korn, og sette opp kraftfôrprisen, med mål om å gjera grovfôrproduksjon meir konkurransedyktig. Men dette blir utfordrande for dei kraftfôrkrevjande produksjonane. Fleire produsentar er i ein økonomisk skvis etter fleire år med dårleg lønsemd, seier Haugland.

Haugland er leiar i Time produsentlag. Han understreker at han ytrar seg som privat bonde, og ikkje som tillitsvalt.

– Skal kraftfôrprisane opp, må dei kraftfôrkrevjande produksjonane kompenserast. Det er truleg ikkje rom for prisauke i marknaden, og å auke tilskot per dyr vil koma i konflikt med EU-reglar, og då må me skape rom for noko anna, seier han.

Haugland meiner at eit tiltak for auka grovfôrproduksjon, kan vere å også gi prisnedskriving til korn som blir nytta til grovfôr.

– Slik marknadsordninga er rigga no, er prisnedskrivinga eit reint «mølle-tilskot», seier han.

Haugland trur eit slikt tiltak kan stimulera til auka grovfôrproduksjon på eigen gard, også på Jæren og på andre ugunstige kornområde. Sjølv nyttar han korn i fôrrasjonen på eigen gard. Han kombinerer det med proteinrikt gras frå tidleg slått.

– Her på Jæren er det vanskeleg å dyrka korn, av særleg omfang, til mølle, på grunn av nedbørsmengda. Om ein her dyrkar korn til dyra, kan ein også nytta kveite. Korn med attlegg gjer det også lettare å fornya eng på desse areala, som igjen gir høgare avling, seier han.

Haugland meiner tilskot må vere basert på avlingsnivå, og ikkje areal.

– Arealtilskotet stimulerer berre til å halde jorda i drift på eit minimum mange stader, og bidreg til å gjere dyrkinga meir ekstensiv. På sikt vil det vere mogleg å måle avlinga på kvart jorde, til dømes med satellitt. Eg trur dette er eit viktig moment i grovfôrdebatten, seier han.

Bonden peiker på at høg avling også er bra for klima.

– Avlingsmengd kan også nyttast som grunnlag for gjødsling i den nye gjødselvareforskrifta, føreslår han.