God start: Fôring av søya i høgdrektigheit påverkar fosterveksten, mjølkeevna og råmjølkskvaliteten. Med andre ord: Korleis du fôrar mor,<br />
har mykje å seia for kva start avkomet får – og for det vidare produksjonsresultatet ditt. Foto: Istock / K Neville

God start: Fôring av søya i høgdrektigheit påverkar fosterveksten, mjølkeevna og råmjølkskvaliteten. Med andre ord: Korleis du fôrar mor, har mykje å seia for kva start avkomet får – og for det vidare produksjonsresultatet ditt. Foto: Istock / K Neville

NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING:

Fôring for produktive søyer og livskraftige lam

2. mars 2026 | Fagartiklar, Nlr

Sjukdomstilfella aukar kring lamming. Det kan likevel haldast til eit minimum med riktig fôring og stell. Du kjem langt med ein god plan.

Sondre Lauareid Hovda, Torhild Svisdal Mjøen og Ove Sørestrand, NLR Ølen

Tilfella av mjølkefeber, jur- og bør­betennelse hjå søyer, samt e.coli, ledd- og klauvbetennelse hjå lam, aukar gjerne på rundt lamminga. Når ein arbeidar med husdyr kjem ein ikkje utanom sjuke dyr. Du kan likevel avgrensa tilfella med riktig fôring og stell.

Immunforsvar er kroppens eigen forsvarsmekanisme mot sjukdom. Mangel på energi, protein, vitamin og mineral vil svekke immunforsvaret. Det same vil stress, og dårleg miljø. Lammet treng dei viktige dropane råmjølk for eige immunforsvar.

Om lag to veker før lamming byrjar produksjon av råmjølk hjå søya. Samstundes treng søya mykje næring for å ikkje gå ned i hald fram til dess. Er ho for tynn, vert energiunderskotet for stort etter lamming. Fôringa av søya påverkar dermed både hennar eige immunforsvar, så vel som lammet hennar sitt. Vekt på dyret, fostertal, hald og drektigheitsveke vil spele inn på behovet. Derfor bør du lage deg ein plan på fôringa.

«Fôringa av søya påverkar dermed både hennar eige immunforsvar, så vel som lammet hennar sitt.»

Fôrplanlegging

Fôring av søya i høgdrektigheit har innverking på fostervekst, mjølkeevne og råmjølkskvalitet. For å følgje opp dyret sine krav og måla dine for produksjonen, er det fleire faktorar som må vere på plass. Du treng å vite kva du fôrar med, omtrentleg fôropptak hjå dyret, og behovet deira.

Søya treng som vanleg næring til «vedlikehald», eit behov som i størst grad er påverka av dyret si vekt.

Som nemnt er haldet viktig både for søya sitt immunforsvar og mjølkeevna etter lamming. Ei feit søye er heller ikkje gunstig, då det kan gi større vanskar ved lamming. Sjølv om det minkar på tida, er det fortsatt rå å justere haldet til søya.

Figur 1: Syner eit aukande behov i energi (FEm) og protein (AAT) i vekene fram mot lamming, samt forskjellen i behovet til ei søye som venter 1, 2 eller 3 foster. Behovet til vedlikehald (80kg) er inkludert i figuren.

Figur 1: Syner eit aukande behov i energi (FEm) og protein (AAT) i vekene fram mot lamming, samt forskjellen i behovet til ei søye som venter 1, 2 eller 3 foster. Behovet til vedlikehald (80kg) er inkludert i figuren.

Behovet i høgdrektigheit

I høgdrektigheit skjer 70 prosent av fosterveksten. Samstundes tar fostera større plass i bukhola, og det blir mindre plass til fôr.

Behovet etter lamming

Etter lamming aukar behovet enda meir, og det vil vere vanskeleg å gje søyene nok grovfôr til å dekkje behovet. Du kan derfor tillate søya å mobilisere energi frå haldet sitt. Fôropptaket vil vere lågt rett etter lamming, men det stig gradvis. Mjølkeproduksjon krev også mykje vatn. Derfor er det særs viktig med reine bøtter/drikkekar. Lunka vatn vil bidra til eit høgare opptak rett etter lamming.

Tabell 1: Næring til søya sitt vedlikehald (INRA, 2018). Fôreiningskonsentrasjonen (FEm)<br />
er eit mål på energi. AAT er eit mål på aminosyrer absorbert i tarm, og PBV er eit mål på balansen mellom nedbrytbart protein, og tilgjengeleg energi til mikrobane i vomma.

Tabell 1: Næring til søya sitt vedlikehald (INRA, 2018). Fôreiningskonsentrasjonen (FEm) er eit mål på energi. AAT er eit mål på aminosyrer absorbert i tarm, og PBV er eit mål på balansen mellom nedbrytbart protein, og tilgjengeleg energi til mikrobane i vomma.

Tabell 2: Behovet for energi (FEm) og protein (AAT) for haldoppbygging hjå søyer og tilvekst hjå gimmer. Eit haldpoeng tilsvarer omlag 11 kg.

Tabell 2: Behovet for energi (FEm) og protein (AAT) for haldoppbygging hjå søyer og tilvekst hjå gimmer. Eit haldpoeng tilsvarer omlag 11 kg.

Kraftfôr eller grovfôr

Tek du fôranalyse har du større kontroll over kor mykje næring sauen får frå grovfôret, og dermed behovet for kraftfôr. Du vil dermed treffe på søya sitt behov med større sikkerheit. Om kvaliteten er betre enn venta vil du i tillegg også kunne spare kraftfôrkostnadar.

Kraftfôr har eigenskapar som grovfôret ikkje har, og omvendt. Kraftfôr inneheld mykje stivelse som er svært mjølkedrivande. I tillegg tar det lite plass i vomma, går raskt gjennom, og gir effektivt energi og protein til drøvtyggaren. For store mengder kraftfôr vil senke pH i vomma raskt, og gi negative konsekvensar for mikrobane som bryt ned fiber. I verste fall vil det også føra til sjukdom hjå søya (sur vom). Derfor kan ikkje kraftfôr erstatte alt grovfôr.

Med tidleg hausta grovfôr i rasjonen blir samansetjinga meir stabil gjennom dagen, då behovet for kraftfôr er lågare. Søya får ikkje dei same svingingane i vomma. Dette gir potensial for ei meir robust søye, som er mindre utsett for sjukdom.

Overgangen til beite vil truleg vere betre om du fôrar med eit tidleg hausta grovfôr, då rasjonssamansetnaden vert meir lik den reelle kvaliteten søya blir tilbudd på vårbeite.

Tabell 3: Behov for energi og protein til vedlikehald, og mjølkeproduksjon hjå søyer av rasen NKS. Her er det inkludert ei mobilisering av hold tilsvarande 0,4FEm per dag (NIBIO/Nortura).

Tabell 3: Behov for energi og protein til vedlikehald, og mjølkeproduksjon hjå søyer av rasen NKS. Her er det inkludert ei mobilisering av hold tilsvarande 0,4FEm per dag (NIBIO/Nortura).

Tabell 4: Ulik grovfôrkvalitet kontra behov for kraftfôr siste to veker før lamming.

Tabell 4: Ulik grovfôrkvalitet kontra behov for kraftfôr siste to veker før lamming.

Val av kraftfôrslag

Kraftfôret vil uansett vere eit godt supple­ment til grovfôret, og kan på mange måtar utfylle grovfôret for å dekke
næringsbehova. Kraftfôrslaga er tilpassa slik at dei passar saman med tidleg eller seint hausta grovfôr. Du bør også bruke det til å treffe på behovet for protein.

Protein er særs viktig for både mjølke­yting og råmjølk. Søya kan få både for mykje og for lite av det. Her er det balanse som gjeld. Vommikrobane treng både protein og energi. Er det for lite energi eller for mykje protein, er dei nøydde til å kvitte seg med overflødig protein, noko som er ein energikrevjande prosess. Forholdet mellom nedbrytbart protein og tilgjengeleg energi til mikrobane i vomma vert omtalt som PBV (proteinbalanse i vom). Skal dyret produsere, bør denne verdien vere positiv og ligge ein stad mellom 20-40. Viser grovfôranalysen låg PBV, vel du eit kraftfôr med høg verdi, og omvendt.