Din innsats er utslagsgjevande for resultatet. Arkivfoto.

Din innsats er utslagsgjevande for resultatet. Arkivfoto.

– Om grisingsprosenten ligg under 90, bør du søkje rådgjeving og endre på rutinane dine, seier ein i dansk svinemiljø.

Judit Kristensen, Nortura, rådgjevar svin
Hilde Elin Østerhus, Nortura, rådgjevar svin

Me tar for oss korleis du kan styre drifta fram mot ein så god grisingsprosent som mogleg . Kvar einaste tomdag, kan i følgje Norsvin sine kalkylar, gje 73 kroner meir eller mindre, per kull og årspurke.

Å få bedekt det rette tal purker til kvar pulje, med kortast mogleg grisingstid og flest mogleg ungar i kvar purke, vil gje deg ei effektiv puljedrift, med større kull og jamne grisungar til sal eller slakt. Det gir betre inntening og i tillegg betre kontroll på arbeids-og fritid.

Eit godt purkemateriale

Kvaliteten på purkene, er utgangspunktet for besetninga sitt vidare produksjonsresultat. Det er svært viktig at ein gjer seg flid i dette arbeidet, slik at ein kan få haldbare og fruktbare dyr som trives i besetninga, og som kan gje mange, gode kull gjennom levetida si.

Eigenrekruttering

Ved eigenrekruttering skal ein halde tunga beint i munnen, heile tida. Fyrst og fremst må kryssinga av rasane vere korrekt, deretter bør utvalet av nye avlsdyr skje i minst fire omgangar:

Rett etter fødsel

Storleik og tal spenar i fokus. Vrak den minste, vesle purka i kullet.

Ved avvenning

Vurder storleik og sjukdomshistorikk. Spe-purker som har vore sjuke / behandla må vrakast som livdyrkandidatar.

Ved slaktevekt

Storleik og eksteriør i fokus.

Set deg på bingekanten, ta deg tid, og sjå på purkene. Korleis er beinstillinga? Er det nokon halte, skeive, stivbeinte? Kva med spenane? Er spenerekka bein? Er det normal storleik på dei, eller skadar? Enno bør du ta deg råd til å vere streng og «pirkete», slik at berre dei aller beste kjem gjennom det kritiske «nålauga» for kven som skal bli avlsdyr i di besetning.

Ved bedekkingstida

No er det berre manglande brunst eller gjentakande omløp som kan vere utrangeringsårsak. Omløp etter ei inseminering kan like gjerne skuldast inseminør eller sædkvalitet, gje purka derfor ein sjanse til, om ho går i omløp etter å ha vist tydeleg brunst.

Eigenrekruttering har heilt klart ei rekkje fordelar. Betre smittevern, ein har full kontroll på vala av rekrutterings og avls-purker, og du har sjølv ansvaret for genetikken i di besetning.

Ulempene, på andre sida, er at du ikkje får ta del i den siste avlsframgangen. I tillegg skal du ha interesse for avl og tid til avlsarbeidet, samt at det somme tider kan vere krevjande å få eit passe tal dyr å velje i.

Innkjøp av ungpurker

Kva skal ein vel velje? Også her er ei rekkje faktorar som påverkar vala av innkjøpsstrategi, i tillegg til dei moglegheiter eller avgrensingar som ligg i bygningane.

Innkjøp ved 13 vekers alder, er heilt klart eit fyrsteval, om ein kan velje fritt. Største fordelen er at det er du som har kontrollen på at purkene blir stimulert til brunst i rett tid, slik at dine puljer fungera optimalt. Når purkene grisar samstundes, kan du lettare avvenne og selje, eller slakte gris med jamn vekt og størrelse. 13 vekers alder er også det rimelegaste alternativet ved innkjøp av purker, du får moglegheita til å fôre, sosialisere og stelle purkene slik du ynskjer.

Du får fleire purker i brunst til rett tid og kan såleis ha god kontroll på puljedrifta. Du har betre moglegheit til å påverke tal levande fødde, og du har den beste rasesamansetninga. Einaste faktor som dreg ned, er at dette krev meir plass i grishuset.

Innkjøp av bedekningsklare purker

Positivt

Du har kontroll over levandefødde, det er billegare enn innkjøp av drektige purker, og du får betre avlsmessig framgang ved rett samesetning.

Negativt

Du har ingen verknad på oppveksten til purkene, med tanke på sosialisering eller fôring. Purka kan ha vore i brunst rett før innkjøp, noko som kompliserer brunstarbeidet. Det kan hindre deg i å få ho inn i ønska pulje, og slik auke tal tomdagar. Ein uheldig effekt av dette er at mange ungpurker vert slakta. Det er ein veldig kostbar slaktegrisproduksjon.

Eit klart råd til deg som vel dette alternativet, er å opprette ein klar og tydeleg kommunikasjon med seljar av purkene. Ver tydeleg på at seljar skal vite om, og når, purka har vore i brunst. Purka opplever stress ved transport og innsett i ukjent miljø. Dette kan fort gjere at den innkjøpte purka ikkje viser brunst, eller at denne er svak. Då er det eit godt hjelpemiddel å vite kva tid den var i brunst sist.

Innkjøp av drektige purker er for mange ei naudløysning, for andre ei rutine. Det er eit alternativ med mange usikre faktorar, og er heilt klart det dyraste. Til gjengjeld krev det lite plass i grisehuset, du kan krevje at alle skal vere drektige, og får dermed fullt opp puljene og fødeavdelinga. Du får ei purke med rett rasesamansetjing, men har ingen kontroll på tal levande fødde, og det er ei stor påkjenning på dei purkene som vert selde rett før grising, med transport og nye omgjevnadar. I tillegg kan du ikkje vite om purka er trygg og roleg, og du har heller ikkje her hatt nokon innflytelse på oppveksten, med omsyn til sosialisering og fôring.

Gode resultat krev topp kunnskap og innsats frå a til å. Arkivfoto.

Gode resultat krev topp kunnskap og innsats frå a til å. Arkivfoto.

Jomfruburet

Ungpurkene bør gå i eigne rom, utan flytting og ingen rånekontakt frå dei er om lag 40 kg. Her skal dei ha god plass, godt lys, ro i fjøset og dagleg positiv kontakt med menneska. Tilby dei rikeleg med grovfôr/ fiber. Jomfrupurkene bør vekse godt, men ikkje som ein slaktegris. Ei ungpurke bør ha tilvekst mellom 550-850 gram per dag. (frå 40 kg til bedekkingstidspunkt) Du vil ikkje avle på seintveksande dyr, men du vil heller ikkje at ho skal vekse så fort at det påverkar beina, magehelsa og mjølkeeigenskapane hennar.

Flytt aldri rundt på ungpurkene. Den bingen dei er tildelt, skal dei gå i til det er tid for synkronisering. Det er ei stor utfordring at dei gamle fjøsa våre ikkje har skikkeleg plass til ungpurkene. Det gjer at me av praktiske omsyn må flytte dyr frå binge til binge og dette er svært uheldig. Skal ei ungpurke flyttast frå bingen sin, er det kun for å slaktast, synkroniserast inn i brunst eller bedekkast, helst aldri av annan grunn.

Når så purkene er i hus, eigenrekruttert eller innkjøpt, gjeld det å få dei inseminert til rett tid, med begge børhorna stappfulle av livskraftig spegris. Det er no ein får bruk for både kunst & handtverk, og matematikk kunnskapane frå skuledagane.

Brunststimulering av unpurkene

Holdpoeng bør ligga mellom 3 til 3,5

Som for å gjere kvardagen som svineprodusent litt ekstra spanande/utfordrande, er naturen slik laga, at ungpurkene gjerne kan koma i brunst allereie ved 6 månaders alder. Det passar dårleg med tanke på ønska inseminering ved 7,5-8 månaders alder. (230-260 dagar) Derfor ynskjer me å styre dei inn i ein fyrste brunst med påfylgjande kontrollert brunstsyklus som til slutt ender med inseminering på ønska tidspunkt. Her kan ein, med andre ord, kjenne seg bra dyktig når ein maktar å styre naturen på ein slik måte.

Til saka

Flytt ungpurkene til bedekkingsavdelinga 3 veker pluss 2 dagar før ønska inseminering. Dette for at dei skal bli med i hovudpulja og ikkje bli dei typiske dyra som grisar svært tidelg eller seint i pulja, og gir deg meirarbeid med ujamn gris i etterkant. Purkene bør ha haldpoeng 3-3,5, og flyttast fyrste gongen når dei er knappe 7 månader gamle. Start flushfôring med

1 kilo smågrisfôr i tillegg til vanleg fôrtildeling (2,7 Fen). Set ungpurka i kontakt med rånen i 3-5 dagar, gje rikeleg med lys, 16 timars daglengd og gjerne 3-400 lux for å drive fram brunsten.

No har du gjordt ungpurkene klar til inseminering 3 veker seinare. Gratulera!

Viktig: Hald auge med brunstutviklinga

Ein bør, som grisebonde, gjere seg daglege turar innom ungpurkene og kikke etter teikn til brunst, og notere seg desse. Utgangspunktet for tydeleg og god brunst med rikeleg mengde egg, er ei purke i rett alder og i trygge omgjevnadar. Positiv kontakt med røktar kvar dag er avgjerande. Ei trygg purke, i rett hald, vil vise tydelegare brunst, løyse mange egg og gje gode groforhold for befrukta egg og seinare foster. I betaling vil du få ei forenkla brunstoppkjøring, inseminering og handtering av puljene.

Mal eit felt på veggen med tavlemaling, heng opp ei plasttavle, eller lag deg eit ark-system på veggen, der du/de noterar brunst på purkene. Skriv opp når purka startar å vise brunst, sjekk ho neste dag, skriv opp når ho står, og merk purka med vekedag, gjerne med spray/tusj på ryggen. Alle som arbeidar i besetninga bør notere på same måten.

Gjer du deg flid i dette arbeidet, veit du kor mange purker du har til inseminering om tre veker. Du kan deretter gå inn i fødeavdelinga å gjere deg opp ei meining om kven av purkene som kan utrangerast, basert på at du veit kor mykje dyr du har til inseminering.

Førebu insemineringa

To dagar før du skal avvenne den pulja som ligg med ungar, flyttar du ungpurkene for andre gong. Flytt dei til ein binge i nærleiken av der dei gamle purkene skal kome. Når desse vaksne «damene» kjem i brunst vil det påverke ungpurkene, brunsten er smittande.

Gje ungpurkene kontakt med rånen att, gjerne ein tur inni bingen, om han er like stor som dei. Følg godt med no. Lyset er framleis viktig, 3-400 lux i 16 timar per dag. Intensiv oppsyn med brunsten, og dagleg sosialisering. Nervøse og stressa purker kan vise litt brunst, men dei vil ikkje ta imot og dra inn sæden i livmora, slik dei gjer når dei er skikkeleg trygge og i god brunst.

Er du klar for å setje deg mål om at ingen ungpurker skal ha mindre enn 12 levandefødde grisungar ?

Bruk rånen

Opplever du mykje uro og arge konfrontasjonar mellom purkene etter avvenning, kan du gjerne sleppe rånen inn til dei. Han vil ofte kunne ordne opp i usemja, og roe ned dei ampre purkene.

Rånen bør få stå framfor, eller ilag med, dei ny-avvende purkene i tre dagar. Ta han så vekk, og la han kome attende når dei skal inseminerast, for slik å få ein «aha»-effekt. Er du i tvil om purka er skikkeleg i brunst, bruk rånen. Står ho for den, då er ho klar for inseminering. Har du purker som er nervøse, bruk rånen, den kan gjere ho litt tryggare, den «jordar» ho, og let instinkta kome tydelegare fram. Rånen kan få jobbe litt med den nervøse purka, medan du inseminerer andre purker. Arbeidet hans gir i tillegg ein «god odør» av brunst og paring i fjøset, som me kan utnytte til vår fordel i jakta på eggløysing, mottaksvilje for sæd og haugevis med grisungar.

1. kullspurka

For førstekullspurka er det hald og kondisjon som er største utfodringa. Dei blir ofte tynne og står langt oftare med utflod ved inseminering, enn dei eldre purkene. Er dei for svekka etter laktasjonen, kan ein ofte ikkje sjå brunst på dei, eller den er kort. Dette blir fort til inseminering utanfor hovudpulja og fleire omløp og kastingar fordi purka ikkje var klar til å ta imot nye embryo. Gode tips forutan svært godt stell og tidleg avvenning av dei største grisene i kullet hennar, er at desse får stå i eigne bingar etter avvenning. Plasser dei mellom gamle purker, men ikkje i konkurranse med desse i matfatet. Gje dei godt lys, mykje mat, ro, om mogleg også tett rånekontakt.

Førebu insemineringa

Rånen står framfor eller ilag med purkene, dei tre fyrste dagane etter avvenning. Gje purkene diefôr i denne perioden, fjern fôr-restar kvar dag og sørg for tilgang til rikeleg med vatn. Følg nøye med på brunsten frå dag ein. Observer dyra morgon og kveld, noter observasjonar med individnummer, dag og tid, anten på vegg eller dyret. Ser du endringar, merk purka med bokstav for vekedag. Bestill sæd til purker som kjem tidleg i brunst, evt bruk rånen på desse. Bruk aldri gamal sæd, kjøp nye dosar, det løner seg. Lysstyrken må vera høg, skift gjerne lysrøyr kvar 1.august, og vask armaturane jamleg.

Tida frå avvenning til brunst, kallar nokon «avvenning til brunst-intervall», eller «atb»-intervall. Som ein tommelfingerregel kan ein seie at kort atb-intervall gir lang brunst, og langt atb-intervall gir kort brunst. Men, som de alle kjenner til, er det biologi me held til med, då er det mange gonger slik at det fins unntak frå regelen, ein kan derfor ikkje garantere at det alltid er slik. Hald derfor auga oppe heile tida etter avvenning.

Insemineringa

Bedekking er som kjent ei oppgåve for røynde folk, og ikkje noko ein skal ta lett på. Ha alt klart før rånen kjem som ein etterlengta Tom Jones framfor purka/purkene. Han bør høgst ha 5-6 purker å konsentrere seg om, i gruppa. Ha sæden i ein isolert sædboks og ta kun med deg dei dosane du straks skal bruke. Om mogleg, er det ein klar fordel å vere to personar om dette arbeidet, dei to dagane når hovudpulja skal inseminerast. Gje purka det ho treng for å vise tydeleg brunst og gjere seg klar til mottak av sæd. 6-punktstimulering: hovud, rygg, under hale, flanken, spenar og kne i sida. Ikkje ver nølen eller puslete i kontakten, ei heller valdeleg. Tips: Bruk arbeidshanskar med grov tekstur. Sjekk spenane i same slengen, og ha same rutine for kvar purke. Grundig stimulering i eitt minutt, gjer at du sparar tid på å vente på at ho dreg inn sæden. Konsentrasjon og innsats i oppgåvene er viktig for eit godt resultat. Skriv til dømes eit pluss eller eit minus for kor god brunsten er dag ein og to, på kvar purke. Bruk desse notatane til å bli betre og betre, og fyll gjerne med på ei resultattavle

på veggen, der det for kvar pulje er sett opp antal bedekte, antal som grisa og fødselsresultata. Det kan gje deg motivasjon og inspirera til ekstra innsats, eller til godt humør og god sjølvtillit, når ein fortener skryt og applaus.

Store eller små kull

Har ein fyrst lagt ned mykje arbeid i å få fram fine purker og nøyaktig insemineringsarbeid, er det fint om ein kan få løn gjennom store og livskraftige kull. Dansk Videncenter for svineproduksjon har publisert tal frå eit forsøk, der dei talfesta effekten av driftsleiinga slik:

Konkurranseprega fôring medførte tap av 0,4 grisunge per kull. Kvit råne (Log Y) gir tap av 0,3 grisungar per kull. (dei farga rånane er meir virile, meir aktive, gir meir lukt og er såleis betre rånar) Tildeling av roepellets til purkene (jamfør tildeling av grovfôr) gav 0,5-1 grisunge ekstra i kullet og verknaden av at ungpurka får bli 8 månader (stor nok) ved inseminering, er heile 0,5-1 ungar per kull.

Høgt fôropptak før og etter avvenning er svært viktig for optimal eggløysing og kullstørrelse. Å svelte purkene på avvenningsdagen reduserer etterfølgjande kullstørrelse, og har difor ingen hensiktsmessig effekt. Rangsvake purker får ofte for lite fôr, dei opplever stress og kjem ikkje i brunst. Ha særleg fokus på første kullspurkene og skil purkene på alder etter avvenning. Ungpurker i eigen binge, første kullpurkene i eigen binge, eldre purker i resten, gjerne sortert etter hald / storleik. Forsøk viser tydeleg at purker som får rikeleg med fiber i drektigheita, har høgare fôropptak i dietida. Høgt fôropptak i dietida gir større kull ved neste inseminasjon. Samstundes er det slik at feite purker, purker med eit for høgt foropptak i drektigheita, vil ete mindre i dietida, og såleis få færre ungar i komande kull. Gje purkene godt med grovfôr i drektigheita, det vil gjere purka klar til høgt fôropptak i dietida og gje store kull også ved neste grising, altså ei økonomisk god purke.

Når formeiringa fungerer

Etter at sæddosen er levert, skal sædcellene på plass. Då er det viktig at det er ro i fjøset i minst ein time. Purka skal ha ro til å suge inn alle sædcellene i denne tida. Sjå etter omløp frå dag 17 til 22 etter inseminering, og drektigheitstest etter 24 dagar. Sorter alltid purkene etter storleik og hald, og fôr dei opp i ønska hald i løpet av dei fire neste vekene. Om ein må flytte på purkene, gjer dette anten rett etter inseminering, eller vent fire veker. Uro i denne perioden kan hindre nokre av embryoa å feste seg, det ville vere keisamt resultat etter alt det gode arbeidet du no har lagt ned. Drektige purker bør flyttast så lite som mogleg, og må behandlast slik alle damer bør, roleg og smart. God stemning i fjøset gir bonden gode resultat.

Resultatet av arbeidet finn du i fødeavdelinga. Bruk notatane, analyser innsatsen i bedekningsavdelinga, via antal fødde ungar fire månadar seinare. Gjekk det betre denne gongen?

Dårlege resultat, kva skal ein skulde på?

Dårlig sædkvalitet og/eller feil oppbevaring av sæden gir færre levande sædceller. Sjekk temperaturen der du oppbevarer sæden, både dagtid og nattetid. Kjøp deg gjerne eit skap med temperaturmåling til dette formålet, og unngå tilfeldig plassering. Supertips: snu sæddosane kvar gong du går forbi, for å halde sædcellene symjande. Ikkje oppbevar sæddosar i lomma eller belte ved inseminering, der blir det fort for varmt, og sædcellene vert svakare. Bruk isolert kasse eller liknande til oppbevaring av sæden under inseminering.

Stress hindrar sædtransporten inn i børhorna. Saman med feil insemineringstidspunkt og eit purkemateriale som ikkje er godt nok, kjem ein fort utpå den myra som dreg frå deg både motivasjon og inntening frå drifta. Når motivasjonen eller arbeidsevna er svekka, utøver ein fort ei dårlegare styring av arbeidet, som gir manglande flushing, dårlig sosialisering, feil samansetning av purker, feil fôrhygiene og manglande fokus på brunst og inseminering. Den vonde sirkelen med sviktande inntening.

Kva er det som påverkar DINE resultat?

Reproduksjonen til purka er sterkt avhengig av purkas form. Magesår og stress (få grunn av redsel, matmangel, rang-slåssing, andre miljøutfordringar) må unngås, sørg for at alle får rikeleg med fiberrikt fôr og positiv sosialisering.

Purka sitt hold har ein avgjerande verknad på reproduksjonen. Tynne og feite purker har oftare ingen, kortare eller dårleg brunst. Dette kjenner mange att frå erfaringar med tynne og slitne førstekulls purker. Ta særs godt vare på desse, med godt stell i fødeavdelinga og eigne bingar i drektigheitstida. Ta oppdrettet av ungpurkene på alvor, og ver konsekvent i brunstarbeidet.

Sist, men ikkje minst, er din innsats i insemineringa heilt klart utslagsgjevande på resultatet.

Stikkord denne saka: