Bondevennens møtekalender

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Fagdag om klimatiltak i landbruket, Jølster

6. november, 2018

I vår bestemte arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Landbruksselskap å arrangere ein fagdag om bevisstgjering av klimatiltak i landbruket. Fagdagen vert arrangert tysdag 6. november 2018 på Thon Hotel Jølster.

Tema for fagdagen er klimatiltak på gardsnivå og korleis desse verkar på klimagassutslepp og på økonomien for bonden.

Programmet tek m.a. opp grøfting/drenering og bruk av plast i landbruket. Kva skjer med plasten? Er det alternativ til plast? Berekraftig bruk av den mangfaldige molda. Dyktige føredragshaldarar innleiar på dei ulike tema. Målgruppa for seminaret er bønder, rådgjevingstenesta og kommunane.

Føredragshaldarar
• Tony Barman, Klimasmart landbruk
• Bart van Gool, NLR
• Dag Jørund Lønning, Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Bryne
• Marit Kvalvåg Pettersen, Seniorforskar Nofima
• Are Magnus Adolfsen, Grønt Punkt Norge
• Svein Aure, Felleskjøpet

Program og påmelding ligg på heimesida til fylkesmannen.

Påmeldingsfrist er 28. oktober

Detaljer

Dato:
6. november, 2018

Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.