Bondevennens møtekalender

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Skog – ei gullgruve på rot!

8. mars

Gratis fagdag på Kverneland
Bli med på Skogselskapet sin fagdag om korleis du kan henta mest mogeleg ut av skogen din!
Stad: Kverneland Samfunnshus,
Kvernalandssalen, Gamle Aaslandsvei 7.
Tidspunkt: Laurdag 8.3.25 kl. 10.00 – 16.00
Fagdagen er sett saman av ein innedel før Skogselskapet spanderar lunsj. Ettermiddagen brukar me i Njåskogen der me ser på bestandar
i ulike stadier, frå nyplanta til hogstmoden skog.
Fagansvarleg er Per Helle, instruktør frå Skogkurs.
Påmelding innan torsdag 6. mars på e-post rogaland@skogselskapet.no eller tlf. 973 00 095

Program:
10.00 – 12.30
Inntektsmoglegheiter i gammelskogen
– Kva verdi kan eit velstelt plantefelt ha?
– Kva kjenneteiknar hogstmoden gamalskog?

For tideleg hogst – store inntektstap
– Kva taper eg ved for tidleg hogst?
– Korleis unngå å hogga for tidleg?

Skogfond – formidabel effekt på lommeboka
– Kva skuldast den store effekten?
– Korleis bereknar eg effekten på eigen eigedom?

12.30. Lunsj

13.00 – 16.00  Gode eksempel på velskjøtta skog i lokale bestandar.

Detaljer

Dato:
8. mars

Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.