Det finst grenser for kor langt ei yrkesgruppe kan hamna bak andre i inntektsutvikling før det blir uråd å halda fram. Det finst grenser for kor mange ekstra timar, kor stor risiko og ansvar, og kor lite fri utøvarane i ei næring skal akseptera, før det går på integriteten laus.
Når produksjonen stangar i taket, importen aukar, kjedemakta knugar og matjorda blir bygd ned, vert det krevjande å finne rom for auka inntening. Og medan jordbruksnæringa leitar etter kroner, stig driftskostnadane for kvar dag.

Etter årevis med svak inntektsutvikling og ei arbeidsmengd som truar helse, familieliv og rekruttering, er det nesten rart at bøndene ikkje for alvor har reist seg sidan Hitra i 1975. Oppfatning av at næringa nærmar seg ei skjebnetid, er det mange som har kjent på lenge. Her og der har avmakta fått fotfeste.

Når eit opprør no feiar over landet, meiner difor Bondevennen at det bør tolkast som eit sunnheitsteikn. For stoda er langt frå heilsvart. Her er framleis stor vilje til satsing, til å produsera mat – om berre vilkåra blir mykje betre.

Eit av opprørarane sine viktigaste krav, er at tala som ligg til grunn for jordbruksoppgjeret må reflektera den reelle økonomien i næringa. Det skulle berre mangla. Den store oppsluttinga talar tydeleg om det høge frustrasjons- og forventingsnivået i næringa. Alvoret er ikkje til å misforstå. Frå dei nesten hudlause vitnemåla som ikkje minst yngre bønder står fram med, forstår me at fleire tel på knappane om dei vil halda fram, eller ei.

Når unge og satsingsvillige utøvarar av ei samfunnskritisk, men stadig meir marginal yrkesgruppe, vurderer å gi seg, må alarmklokkene ringa hjå alle.

Etter fjorårets «nulloppgjer» er forventingane til årets jordbrukstingingar skyhøge. Bondeopprøret gir krava eit nytt andlet og ei ny, utolmodig stemme. Blant «rebellane» er det nok mange som meiner at faglaga, spesielt Bondelaget, er for ettergivande overfor staten. Fleire av initiativtakarane er sjølv profilerte bondelagsmedlemmar, og forsikrar at dei vil vera ei støtte for faglaga inn mot årets tingingar. Det er bra, for samhald gjer sterk. Leiarane av Bondeopprøret let heller ikkje frykt for eventuelt å utfordra forhandlingsinstituttet koma i vegen for engasjementet. Haldninga tykkjest å vera at såpass bør forhandlingsinstituttet tola. Det er me samde i.

Det veksande bondeopprøret gjer avmakt til skamme. Det er på høg tid.

Bothild Å. Nordsletten