image description


Teorien om at alt heng saman med alt gjeld i høgste grad for landbrukspolitikken. Mykje handlar om målpris, innrettinga av budsjettmidla og å ha verktøy som balanserar produksjonane i forhold til marknaden. Gong på gong ser vi at ubalanse mellom tilbod og etterspørsel av landbruksprodukt er øydeleggande for økonomien i den aktuelle produksjonen. Vi må innsjå at det er eit balansepunkt mellom politikk og marknadskrefter. Eit balansepunkt som er avgjerande for å sikra bonden si inntekt.


Totalkalkylen gjer opp status for året som ligg bak og er eit felles faktagrunnlag som partane bygger krav og tilbod på. Med utgangspunkt i forventa utslag på referansebruka etter forhandlingane i 2015, vil det overraska om ikkje pilene for økonomisk utvikling peikar oppover. Historisk gode resultat hjå samvirkebedriftene er og med å smørja økonomien i jordbruket. Unntaket er kyllingproduksjonen som har krasjlanda, nettopp på grunn av ubalanse i marknaden.


I gjeldande økonomiske situasjon ligg det ikkje an til ei sterk lønsutvikling i samfunnet generelt. Lønsutvikling på lik linje med andre grupper vil difor neppe gi særleg oppdrift for avtalen, utover kostnadsdekning. Å tetta det såkalla inntektsgapet mot andre grupper, bør likevel utfordra regjeringa, om dei meiner alvor når dei går høgt på banen om forsterka innsats for rekruttering til jordbruket.


Dei strukturelle grepa frå 2014-avtalen ligg truleg fast gjennom den aksepten som Bondelaget gav ved å signera avtalen i 2015. Og det var nettopp strukturen, eller innrettinga av avtalen, som var utslagsgjevande då Småbrukarlaget, nok ein gong, gjekk for brot.
– Det var strategisk rett å inngå avtale i fjor og vårt mål er å inngå samtalar i år også, sa styremedlem i Norges Bondelag, Arnstein Røyneberg, under samrådingsmøte før jordbruksforhandlingane i Rogaland. Røyneberg har eit poeng. Utan velfungerande forhandlingar, kan ein fort svekke den politiske viljen for å halda oppe jordbruket si unike ordning med direkteforhandlingar med staten. Alternativet er at jordbruket sitt lønsoppgjer blir ein del av det store spelet rundt statsbudsjettet. Dagens ordning er neppe grunna spesialomsorg for bonden og landbruket, men ei politisk erkjenning av at matproduksjon står i ei særstilling for ein nasjon.


Landbruk over heile landet og miljøutfordringane er blitt eit mantra for alle som entrar eit podium der bønder og jordbruket sine folk er samla. Vi etterlyser klarare fotavtrykk av nemnde tema i komande jordbruksavtale.


Elles er det på tide å lande usikkerheita omkring lausdriftskrav frå 2024. Strategien om ein investeringspakke i mangemilliardar-klassen er god. Ved sida av å vera eit kraftfullt signal til framtidsbonden har den ein sysselsettingseffekt som i dag ikkje er uvesentleg. Ein pakke kan og dempa struktureffekten av omlegging til lausdrift ved å gi økonomi til mindre einingar.
Uansett bør ein få inn ei dispensasjonsordning. Veldrivne båsfjøs med moderate besetningar, der kyrne er på beite i fem månader, bør ikkje, av dyrevelferdsomsyn, bli møtt med krav om å stenge døra i 2024. Det er mange der ute som ynskjer å bli med vidare, men som i gjeldande livssituasjon ikkje er klar for ei investering i 5-10 millionars klassen.


Stortingsfleirtalet instruerte regjeringspartia om det økonomiske handlingsrommet for jordbruksavtalen i 2014. Instruksjonen ligg fast. Regjeringa bør vera seg medviten om at avvik frå handlingsrommet vil utfordra det parlamentariske grunnlaget.




Eirik Stople