Mange bønder opplever tøffe tider om dagen, og utfordrande tider må møtast offensivt. Vi er i siste halvdel av mai, med normalt tid for beiteslepp og førebuingar til førsteslåtten. Dei fleste bøndene i våre område er ramma av ein uvanleg sein vår, mange registrerer varierande overvintringsskade på enga, og nokre må akseptera at ekrene / kjelvene er daude. Kombinasjonen med store overvintringsskader og sein vår gjer situasjonen ekstra krevjande.

På Jæren er det ekstra ille for dei som har satsa på einsidig raigrasdyrking. Elling Aarsland på ­Vigrestad er ein av desse. – Sjølv eldre folk kan ikkje hugsa ein liknande situasjon, fortel han i ein kommentar til Bondevennen. Aarsland dyrkar 440 dekar med fleirårig raigras. Alt er gått ut i vinter, eller rettare sagt, i vår. Første spireprøven indikerte liv i graset, men i spireprøven han sette til driving 26. april var det daudt. Dette viser at skaden kom seint. Frå lenger nord på Vestlandet høyrer vi liknande historier, til dømes frå Jølster i Sogn. Langvarig isdekke, med isbrann, har nokre stader gitt total utgang av enga.
– Eg har fornya heile arealet med direktesåing av raigras, fortel Aarsland. Han registrerer spiring, men det går seint. Vi må nok berre akseptere at førsteslåtten er tapt, innser 30 åringen frå Vigrestad. Med ein mjølkekvote på 500 000 liter er dette ei stor utfordring å handtere. Utgifter til etablering av ny eng, samt ekstrautgifter til kjøp av kraftfôr og grovfôr gir tap på fleire hundre tusen kroner. Åsland trur likevel ikkje at raigrasdyrking på Jæren er ut. Jærbøndene har 30 års erfaring med raigrasdyrking, og normalt går det godt.

Staten stiller i liten grad opp når denne situasjonen inntreff. Etter ordninga, Tilskott til vinterskade på eng, kan ein få 330 kroner per dekar, minus eigenandel.

Ei ny næring, juletredyrking, har også fått eit skudd for baugen. Dei som er i næringa veit at ein må ­rekna med vinterskade, men inntil i år har det gått rimeleg godt. No ser det mange stader ringt ut, med opp mot 40 prosent utgang av plantene, grunna vinterskade. La oss vone at dette ikkje betyr slutten for ei næring som har vist stort vekst og inntektsmulegheiter.

Ja, vinteren har vore tøff, og våren er kald. Ei påminning om at vi driv jordbruk i område der små temperaturvariasjonar gir suksess eller fiasko. Bonden driv ikkje kalkulert industriproduksjon. Ein kan gjerne finrekne på inntektsutvikling i desse jordbruksoppgjers-tider, men garanti for inntekt handlar om mykje meir. Dei fleste er ikkje klar over kor sårbar produksjon av mat er.

Det er naturleg at dei som er hardt ramma opplever kvardagen utfordrande. Ein skal vera varsam med lettvinte råd, men generelt er å seie: Tenk offensivt, del bekymringar, lag ein plan, økonomisk og fagleg, for korleis du kan møta situasjonen og ta kontrollen, gjerne i samråd med rekneskapskontoret, landbruksrådgjevinga og gode yrkesbrør.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no