Kva har supermodell Gisele Bündchen, den amerikanske bonden Gabe Brown og skodespelar Woody Harrelson til felles? Jau, dei er alle verdskjente, og dei er alle med i filmen «Kiss the ground» som hadde premiere på Netflix tysdag. Filmen handlar om naturnært jordbruk og om karbonlagring gjennom planter og husdyr. Tema er høgaktuelt. Med kjendisfaktoren i tillegg, vil millionar av sjåarar verda over få innsikt i jordbruk og den avgjerande rolla bøndene spelar for å handskast med klimakrise, naturforfall og matforsyning.

Ei slik samrøre av bønder, celebritetar og fagfolk, vakkert filma og tonesett, kan verka framand her heime. Men kva om det fungerer? Kva om filmen vekkjer jordbruksinteressa hjå tusenar? Kva om millionar innser at dei tenkjer for kort når dei vel vekk kjøt og mjølk og kritiserer dei som produserer maten? Med andre ord – kva om jordbruket kjem styrka ut av å inngå alliansar med utradisjonelle partnarar?

Eit anna døme på ein nytenkjande allianse såg me i EU i august. 400 bonde- og naturvernsorganisasjonar frå 12 land skreiv eit ope brev med krav om radikale endringar i landbruks- og matsektoren for å berga det truga familielandbruket og naturmangfaldet. Brevet var stila til den tyske landbruksministeren Julia Klöckner, som har ansvaret for å landa haustens jordbruksoppgjer i EU. At EU-bøndene klarer å bita i frå seg på eiga hand har me sett fleire gonger, men i grensesprengjande selskap med talrike, nye partnarar høyrest nok krava deira ennå høgare.

Desse to døma frå omverda kan bidra til å kasta lys over tilstanden i den norske landbruksfamilien. I dag tel den indre krinsen så vidt 39.000 bønder, og talet går ennå nedover, (sjå artikkel s. 6). Det er på tide å tenkja høgt om kven som skal utgjera flokken i åra framover.

Under pandemien opplever jordbruket eit oppsving, med auka sal og positiv omtale. Men når Korona-dekkinga i media roar seg, ser me igjen døme på negative oppslag. Igjen kan me lesa om underbetalte grønt-arbeidarar eller dyrevelferdskandalar. I lengda vil heller ikkje klima-merksemda avta.

Kan det som mange bønder opplever som negativt press snuast til noko positivt? Går det an å sjå interessa for dyrking, klima, dyrevelferd, naturmangfald og jordvern som ei utstrekt hand frå samfunnet til jordbruket? Som eit ønskje om å ta forvaltaransvar i lag? Ja. Og me meiner det er ei hand som eit stadig meir marginalisert jordbruk ikkje har råd til å avvisa.

Eit døme på eit slikt samarbeid såg me her i førre veke. Klassekampen skreiv om Norsk bonde-og småbrukarlag som har gått saman med fagrørsla og miljørørsla for å gjera valet neste år til eit klimaval. Blant krava dei stiller, er betre utnytting av gras- og beiteressursar, samt styrking av små og mellomstore familiebruk over heile landet.

Med sine 7000 medlemmer, ville Småbrukarlaget vore sjanselause, om dei fremja krava aleine. I lag med Norsk Tenestemannslag, Fagforbundet, Framtiden i våre hender, Greenpeace, Natur og Ungdom og Naturvernforbundet har dei over ein halv million støttespelarar i ryggen.

Det er over 400.000 fleire enn medlemmene til Norges Bondelag og Småbrukarlaget til saman.

Bothild Å. Nordsletten