I kampen om matjorda verkar det som om Time kommune ivrar etter å stille seg på feil side av historien.

28. mai, i ein nesten rørande artikkel i Fædrelandsvennen, kunne me lesa at bystyret i Kristiansand jublar over ein etterlengta siger for jordvernet. Rørande, fordi politikarar frå Sp, Ap, Mdg, Raudt, SV, Folkelista, KrF, Venstre, samt ei handfull uavhengige, gler seg over å ha spart omsynsvis éit og seks dekar inneklemt matjord frå to utbyggingsprosjekt.

Kontrasten til matfatet Jæren og jordbrukskommunen Time kunne ikkje vore større. I den sjølvoppnemnde landbrukshovudstaden Bryne spelar no politikarar, byråkratar og utbyggjarar hasard med livsgrunnlaget til nett dei komande generasjonane som politikarane i sørlandshovudstaden vil ta omsyn til.

At formannskapet i Time gjekk inn for Lyse Elnett sin søknad om ein transformatorstasjon på 6,5 mål matjord, er det knapt nokon som ensar. Så lenge har kommunen vore blant jord-verstingane, og så ukritisk kan jærbuen si tru på «framsteg» og «utvikling» vera, at innbyggjarar, jordvernforeining og Bondelag tilsynelatande har resignert for stadig nye tap.

Dei 6,5 måla er samstundes berre ein balkongkasse samanlikna med planane om å byggja ned 150 dekar av den aller feitaste matjorda i landet, på Re ved Bryne. Jorda som jærbønder har dyrka i tusen år skal vike for industri, lager og båtbutikkar.

Re igjen, blir berre ein kjøkenhage i forhold til planane om å byggja datalagringssenter over fleire tusen dekar matjord og kulturlandskap på Kverneland.

For kreftene som ønskjer nedbygging, og for dei stilleteiande, er det nyttig at valet mellom såkalla vekst og arbeidsplassar på den eine sida, og evig jordbruk på den andre, framstår som så vanskeleg og forvirrande som mogleg.

Men me må ikkje lata oss lura. I røynda er valet svært enkelt.

Noreg har knappe tre prosent dyrka mark. Matjord er ein ikkje fornybar ressurs. Med nokre av dei mest fruktbare områda i landet kviler det eit særskilt og moralsk ansvar på Jæren for å forvalta dette livsgrunnlaget på den beste og mest respektfulle måten.

Ja, det vil kosta, men transformatorstasjonen kan byggjast på nærliggjande industrifelt. Planane for Re kan skrotast. Heller korn enn båtar på matjord. Og datalagringssenter kan med fordel byggjast på berg ein annan stad i Rogaland.

Spørsmålet er ikkje om jærkommunen ikkje veit betre enn å leggja jord under betong. Spørsmålet er om han vil.

Utkastet til Time si høyringsuttaling til ny Regionalplan for Jæren gir eit hint om kva svaret er. I trua på at eksisterande jordvernstrategiar og utviklingsgrenser sikrar omsynet til matjorda, føreslår kommunen, som punkt nummer éin, å fjerna det sterke omgrepet «kjerneområde for landbruket» frå planforslaget.

Me er mange som meiner at nedbygging av matjord er eit svik mot framtida. Diverre ser det ut til at jordfjernkreftene på Jæren har regjeringa på si side. I førre veke var framlegget til Ap, Sp og Sv om å avgrensa nedbygging av matjord frå maks 4000 til omsynsvis 3000, 2000 og 1000 dekar årleg, oppe i Stortinget. H, Krf og V, med støtte frå FrP, sytte for at framlegget vart stemt ned.

Vil du stå på rett side av historien om matjorda, er det på høg tid å tona flagg no.

Bothild Å. Nordsletten