Det skjer noko no, rett framfor augo på oss, som truleg vil forandra Noreg. Dagros, den landskapsopnande og nasjonsbyggjande kombikua som gir oss både mjølk og kjøt, står i sentrum av eit drama der utfallet for drøvtyggjarar så vel som for distrikta våre, er høgst usikkert.

For trass rekka av landbruksministrar som lovar landbruk i heile landet og meir mat på norske ressursar, går utviklinga i motsett lei.

I skrivande stund har 615 mjølkebønder meldt kvota for sal i den statlege oppkjøpsrunden som følgje av avviklinga av eksportstøtta til Jarlsberg. Langt frå alle får selt i denne omgang, men den store interessa gir ein peikepinn om den formidable avgang frå mjølkenæringa som er undervegs. Særleg i dei tradisjonelle husdyrområda i sør og vest.

Og mjølkenæringa blør. Våren 2019 var det i følgje Landbruksdirektoratet 7831 føretak med mjølkekvotar. Ei utrekning gjort av bladet Norsk landbruk viser at dersom me legg fråfallet i fjor saman med dei som no vil selja kvota, så fell talet på mjølkebruk ned til 7000 om kort tid.

Samstundes har importen auka med heile 73 prosent sidan 2010. Mengda langreiste spesialostar, men også svære kvanta smelteost og ostemasse, tilsvarer no mjølka frå 700 norske bruk. På sikt må me i tillegg bu oss på at syntetisk mjølkeprotein vil utfordra marknad og mjølkebygder ytterlegare.

Ikkje uventa er det dei mindre bruka som kastar inn handkleet først. Det er desse alle seier dei heiar på. Samstundes blir dei store større. Bruk med kvotar over dagens gjennomsnittsstorleik på 200 000 liter har auka leveransane med 32 prosentpoeng sidan 2009 og står no for 62,7 prosent av mjølka som Tine tek imot, ifølgje Norsk landbruk. Eit Tine som slit med resultata og som varslar fleire innsparingar og kanskje fleire meierinedleggingar.

At kua yter meir medan folk drikk mindre mjølk, er forventa å føra til om lag 26 000 færre mjølkekyr i 2030 enn i 2016, ifølgje forskarar ved NIBIO. På vegen dit og i tida etter vil endra driftskrav i 2024 og lausdriftskravet i 2034 truleg ha ytterlegare sentraliserande, strukturdrivande og bygdeøydande effekt.

Bondeorganisasjonane og Tine gjer heilt rett når dei no før jordbruksoppgjeret ropar varsku om utviklinga og ber landbruksministeren setja inn tiltak for å styrka konkurransekrafta for mjølka vår.

Det handlar om pengar. Heretter bør dei konkurransepolitiske midla i prisutjamningsordninga nyttast til å kjempa mot importen. Ikkje til tautrekking mellom vel etablerte norske meieriaktørar. Det tapar mjølkebøndene på. Og me har ikkje ein mjølkebonde å mista.

Bothild Å. Nordsletten