Kva er det eigenleg me vil ha?
Jofrid Åsland Gilje
«Dei bøndene syter og klagar uansett», kan ein høyre frå folk flest. Med si magre lommebok kjøper bonden seg likevel den gildaste traktoren, før han dreg med seg gjødselspreiaren inn til byen for å demonstrere. – Mykje vil ha meir, når ein fyrst har fått smaken på tilskot. Slike diskusjonar rundt tilskot er ikkje uvanleg blant dei som står utanfor landbrukets komplekse univers. Flaks, at folk flest verken har greie på landbruksøkonomi eller jordbruksoppgjeret.
For kva handlar det om – pengar eller politikk? Spørsmålet er relevant fordi diskusjonen ofte dreier seg om pengar, og kven som skal få meir eller mindre. Forståeleg på eit vis. Kvar enkelt bonde har ofte ikkje moglegheit til å gjere dei store endringane og tilpasse seg nye krav, berre ut av eit godt hjarte.
Småbrukarlaget og Bondelaget leverer krav til jordbruksoppgjeret 29. april. Denne utgåva av Bondevennen går i trykken før detaljane i kravet er klare. Likevel har me allereie fått glimt av det som står på ønskelista. Bønder som driv med sau og ammeku får sympati, og det verkar som at landbrukets to vaktbikkjer er samde om at dei burde få eit løft. Samstundes er spørsmålet om det er rom for det, når alle tekniske fakta kjem på bordet og folk flest for lenge sidan har mista interessa.
Forhandlingsteknikk er ein kunst, og kanskje er det akkurat denne kunsten organisasjonane meistrar? Når Småbrukarlaget kjem med krasse utspel og Bondelaget kjem etter og diplomatisk landar eit kompromiss med staten. Kan hende blir sluttresultatet betre på denne måten, men korleis får me det aller beste resultatet? Kor er det eigentleg me vil? Dessverre har ikkje Bondevennen fasitsvaret, men la oss prøve likevel.
Landbruk i heile landet, berekraftig matproduksjon, auka sjølvforsyning, god dyrevelferd, mindre utslepp og beredskap i tronge tider. Det er noko av det alle vil ha, og då er folk flest inkludert. Bønder kan bli oppfatta som misnøgde og sure, som attpåtil må ha to organisasjonar slik at dei kan krangle seg imellom. Men, til sjuande og sist er dei aller fleste samde om kva me vil ha, men ikkje korleis me skal få det.
Diskusjonen i jordbruksoppgjeret handlar ofte om pengar, men kunne kanskje med fordel handle meir om metode og retning?
Eit samla landbruk som tydeleg fortel kva som skal til for å nå dei overordna måla vil truleg skape mindre forvirring. Eit samla Storting har dei same måla som landbruket sjølv. Politikarane bør vise seg sitt ansvar bevisst og følgje opp med politikk og pengar som gjer målsetningane mogleg. Eit vedtak er berre eit mål.
Jordbruksoppgjeret må stake ut rett kurs, og sørge for at bøndene kan levere norsk mat av god kvalitet.
Deretter er det bøndene sin tur, ikkje før. Men då er det avgjerande at landbruket leverer som avtalt.
DEI SISTE LEIARANE:
Vi kan betre
I førre veke kom Statistisk Sentralbyrå sine førebelse Kostra-tal for 2025.
Lag ein grøn slagplan
Sjølv om frosten har sloppe taket, kan det isa kaldt nedover ryggen hjå hardbarka bønder. Dei siste par vekene, etter at plussgradene kom, har mange speida intenst etter grøne livsteikn i gulbrun eng.
Rydd opp i målkonfliktane
Vegen mot det robuste lågutsleppssamfunnet er strødd med målkonfliktar. Dei trugar med å punktera visjonen om ei betre framtid.
