Mange vil nok gjerne ut med husdyrgjødsla snart, men forvaltninga manar til atterhald. I førre veke gjekk Statsforvaltaren i Rogaland ut på eigne nettsider og oppmoda bøndene om å venta med vårgjødsla. For jorda er framleis vassmetta, og mange stader sit telen i. Under slike forhold er risikoen stor for at gjødsla renn av og hamnar i vassdraga. Statsforvaltaren viser til tilfelle i fjor der bekkane rann brune og fosforhaldige, og ber no folk venta til jorda blir lagleg.

For bønder med breiddfulle kjellarar og kummar kan nok formaningane frå statlege etatar og kommunale landbrukskontor kjennast stressande. Likevel er det viktig at oppmodingane blir følgt. Fosforinnhaldet i jorda er mange stader svært høgt. I seg sjølv ikkje eit stort problem, men om jorda blir utsett for erosjon eller mykje regn, kan næringsstoffa hamna i vassdraga.

Bønder flest gjer så godt dei kan for å overhalda gjødselreglane. Trass i dette kjem forvaltinga til å trappa opp ettersynet. Også Bondevennen har den siste tida formidla utspel som varslar meir kontroll med spreieregime og gjødselplanar. Forvaltinga er også klar på at det vankar sanksjonar i form av avkorta produksjonstilskot, dersom regelverket ikkje blir følgt.

Tema har for lengst skapt spenning mellom bønder og forvalting. Bondevennen skreiv nyleg om bønder i Gjesdal som opplever å stå i krysspress mellom skjerpa gjødselkrav på den eine sida, fulle gjødselkummar på den andre – og jorder som tidlegare tiders bønder med styresmaktene si velsigning tilførte alt for mykje fosfor.

Likevel er innstramingane truleg berre eit mildt forvarsel om kva jordbruket har i vente den dagen ei ny gjødselvareforskrift med skjerpa spreieareal føreligg.

I eit miljømedvite samfunn har gjødselhandtering i aukande grad blitt eit spørsmål om jordbruket sin legitimitet. Også derfor er det viktig at alle følgjer regelverket så nøye som råd. I tillegg er det svært viktig å kunne dokumentera kva næring som er tilført, og kva som blir tatt ut i avlinga. Du har mykje sterkare kort på hand med god dokumentasjon enn med gjetting.

Det er fleire gode argument for ei ny gjødselvareforskrift. Næringsstoff på avvege bør ikkje bli eit argument som legitimerer tiltak som bøndene finn urimelege. Målet for våronna må vera at alle bekkar og elver skal renna blå.

Bothild Å. Nordsletten