Eit kvelartak på gjeldande marknadsordning. Slutten på landbruk over heile landet. Maktforskyving frå bonden til daglegvarekjedane.

Korkje Nortura eller bondeorganisasjonane sparar på krutet i kritikken mot Landbruks- og matdepartementet sine framlegg om endringar i marknadsreguleringa, eller den såkalla rammeforskrifta.

Særleg har framlegget om å innføre dobbel mottaksplikt på kjøt vekt reaksjonar. Det inneber at marknadsregulator Nortura vert pålagt til å ta imot overskotskjøt frå konkurrerande slakteriaktørar, vel og merke avgrensa til når det er overskot, for heile og halve slakt, samt at mottaksplikta ikkje kan nyttast same månad som forsyningsplikta.

Medan departementet si oppgåve er å leggja til rette for mest mogleg konkurransenøytrale rammer, åtvarar Nortura og bondeorganisasjonane mot framlegget, mellom anna fordi:

  • Kostnadene ved marknadsregulering kan auke. Det kan svekka heile ordninga, så vel som Nortura sjølv, som er i økonomisk skvis. Marknadsreguleringa som eit samvirke mellom alle bønder kan dermed bli undergravd.
  • Kostnadene blir lagt på bøndene gjennom omsettingsavgifta. Med andre ord: Bøndene må betala for å letta marknadsrisikoen for aksjonærane i konkurrerande slakteri. Det er i så fall stikk i strid med eit av dei viktigaste måla for heile marknadsreguleringa, som jo er å redusera risiko for bonden.
  • Mindre marknadsregulering vil gi ennå meir makt til daglegvarekjedane på kostnad av bonden og forbrukaren.
  • Dobbel mottaksplikt kan gi meir overproduksjon. Konkurrerande slakteri som ønskjer å utvida produksjonen vil få redusert risiko ved å auka slaktinga, då dei alltids får selt kjøtet. I motsetning til Nortura treng dei ikkje hente slakt over heile landet. Ved å auke slaktinga kan dei redusera kostnadene per kilo i eigen produksjon. Medan Nortura får høgare slaktekostnader per kilo, kan konkurrentane risikofritt auke kapasitetsutnyttinga i eigen produksjon.

Bondelaget er i tillegg uroa over ei mogleg svekking av sjølve Omsettingsrådet, der bøndene og samvirka i dag har fleirtal. Bøndene fryktar at dobbelt mottaksplikt, i lag med summen av fleire framlegg på mjølkesektoren, vil flytte delar av marknadsreguleringa frå rådet til departementet. Slik kan påverknaden til rådet bli mindre og det blir vanskelegare for jordbruket å ta ansvar for marknadsreguleringa.

Sistnemnde gjer at jordbruket også åtvarar om auka konkurranse om bønder i sentrale strok, noko som kan gjera det vanskelegare å halda oppe prisane til dei som driv i mindre husdyrtette område i distrikta.

Enkelt sagt handlar dette om lagnaden til den norske landbruksmodellen, med sine kloke innrettingar for omsetting av landbruksprodukt for å sikra landbruk i heile landet. Høyringsfristen for departementet sine framlegg gjekk ut 1. mars og departementet vurderer no innspela. Når landbruket sine eigne, Omsettingsrådet inkludert, så tydeleg åtvarar mot endringar som kan svekka ei alt sårbar næring, er det all grunn for styresmaktene til å lytta.

Bothild Å. Nordsletten