Regjeringskabalen er ennå i støypeskeia, men eit kan me slå fast: Sjeldan har forholda lege så godt til rette for ein ny retning for jordbruket, som no.

Me treng politisk kursendring. Det har me gjort lenge. At stø kurs inneber feil kurs er Bondeopprøret eit høglydd uttrykk for. Kor me er på veg dersom me no ikkje tek grep, blir også tydeleg illustrert av blant andre Christian Anton Smedshaug og Martin H. Inderhaug frå AgriAnalyse, i Nationen 15.september.

Ved å ta utgangspunkt i utviklinga i jordbruket fram til 2030 basert på data frå 2011 til 2020, finn dei at talet på bruk med dyrka jord vil gå ned frå dagens 37 000 til om lag 30 000 om mindre enn ti år. Det tilsvarer eit fall på 20 prosent, eller 700 bruk i året.

Særleg er mjølkesektoren utsett, hevdar analytikarane. Gitt data frå dei siste ti åra, vil talet på mjølkebruk kunna halverast, til 3500. Med ein makskvote på 900.000 liter og ei gjennomsnittleg mjølkeyting på 7700 liter gir det eit makstal på om lag 117 mjølkekyr per bruk. I teorien, skriv Smedshaug og Inderhaug, ville me kunne oppretthalda dagens produksjonsvolum med berre 1800 mjølkebruk.
Men er det dit me vil? Med dei distriktspolitiske og beredskapsmessige konsekvensane som massenedlegging inneber? Sjølvsagt ikkje. Og då bør den nye regjeringa gripa høvet til å snu skuta.

Først og fremst handlar det om:

  • å tetta inntektsgapet
  • løyve tilstrekkeleg med investeringsmidlar til omstilling til lausdrift
  • dreia tilskota frå produksjon til areal og sikre lønsemd på både små og store bruk
  • sikra ein buffer slik at bøndene kan møta aukande kostnadar på alle kantar
  • å styrka tollvernet

Det spesielle med stoda etter dette valet er at dei partia som no truleg dannar regjering, har tatt signalet frå Bondeopprøret og lovar endring.
Dette gir god grunn til von. Men von er sjølvsagt ingen strategi i møte med den harde politiske kvardagen. Ei ny og naudsynt kursendring kan ikkje takast for gitt. Bondeopprøret har då heller ikkje tenkt å gi seg før krava er innfridde.
Det må heller ikkje Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og samvirka gjera. Bodskapen må framleis hamrast inn. Ingen med ansvar må få fred før det skjer ei endring, slik dei har lova. Får me ikkje til endring no, kan det vera for seint ved neste krossveg.

Bothild Å. Nordsletten