Nortura har kanskje fått ei ripe i ytste lakken etter vedtaket om å kutta 147 årsverk frå skjerelinjene i Steinkjer og på Forus, men det sterke resultatet for andre tertial vitnar elles om eit framoverlent kjøtsamvirke i stigande form.

Driftsinntektene enda på 8,6 milliardar kroner, ei auke på 8,5 prosent målt mot same periode i fjor. Driftsresultatet er opp 216 millionar, til 379 millionar. Resultatet før skatt i andre tertial syner eit overskot på 361 millionar. Dei gode tala er mellom anna eit resultat av auka sal og av at Norturas industriplan rullar framover. Takka vere reduksjon av overkapasitet ved anlegga, samling av foredlingsverksemda, forenkling av logistikken og automatisering av produksjonen, er Nortura no i stand til å auka bondens betaling for egg og slakt. Og det er faktisk samvirket sin jobb nummer éin.

Reaksjonane frå tilsette som mister jobben, er sjølvsagt høgst forståeleg. Likeeins frustrasjonen hjå dei som meiner at samvirke, av alle føretak, burde gå i bresjen mot sentralisering, for distriktsarbeidsplassar og for landbruk i heile landet. For er ikkje samvirke noko meir enn kald kost/nytte-rekning?

Svaret er både ja og nei. Gjennom eit godt hundreår har bondesamvirka med sin særeigne organisasjonsform, pløgd milliardar av kroner direkte attende til eigarane. Såleis har dei bidrege til å halda oppe lokal verdiskaping, matproduksjon og busetting i heile bygdenoreg. Samvirkeorganiseringa hindrar også oppkjøp. Ergo vil arbeidsplassar i dei bondeeigde selskapa i all hovudsak vera langsiktige – og norske, sjølv om dei vert flytta på.

 Når Nortura no rasjonaliserer og omstiller industristrukturen, er det for å styrka evna til å halda det gåande slik også i framtida. Samvirke må forandra for å bevara, for å sitera Høgre sitt mantra. Konkurransen er knallhard, importen aukande og bondeinntekta er for mange ikkje til å leva av. Skal Nortura bestå, skal bøndene vera garantert levering i sør og nord, og inste dalføret, skal me oppretthalda landbruk i heile landet, ja, så må Nortura tilpassa seg den stadig hardare marknaden. Og der ute er det altså den harde kost/nytte-kalkylen som gjeld.

Om prosessen framover gagnar bondekultur, distrikts- eller sysselsettingspolitikk, er ikkje gitt. Men så er heller ikkje desse Nortura sitt ansvarsområde. Her må Storting og regjering ta overordna grep. Når det er sagt: utan eit slitesterkt og omstillingsdyktig samvirke blir det iallfall dårlegare stilt med bondekultur, lys i husa og lokal verdiskaping.

Bothild Å. Nordsletten