Gjennom slektene

Bar folket vårt noko med seg-

Frå ættled til ættled.

Det levde i ein:

Såmanns drøm.

 

Vi kjende gleda

Og jordlengten

Sterk og nær.

-Noko godt og rett

hende når vi snudde mørk

mold mot lyset

under varm vårhimmel.

Sjølve livet risla som voksterfrø

gjennom hendene.

 

Løynde voner

og løn for strev

låg i mild nattevind

som båra gjennom

gulna åker.

-Ein lett sus

av mogning

under bleike

auguststjerner.

 

Måtte vi alltid

eige eit rom inni oss,

-stort nok til å romme

gleda og drømmen

i ein såmanns

hjarte!

 

Rolf Vang, 1997