Kina går på sparebluss grunna utbrotet av koronaviruset. Når «verdas fabrikk» for alle tenkjelege og utenkjelege varer stoppar opp, merkast ringverknadane over heile kloden. Også her i Noreg.

Medan meiningane er delte om kor alvorleg viruset er for menneskehelsa, og somme reagerer på omfanget av tiltaka for å stagge det, er konsekvensen for verdsøkonomien av covid-19 ikkje til å ta feil av.

Viruset har ikkje herja i meir enn tre månadar, men alt i førre veke varsla det internasjonale økonomiske samarbeidsorganet OECD at det som har blitt ein global koronaepidemi får store økonomiske konsekvensar. OECD justerer ned prognosane for økonomisk vekst frå 2,9 til 2,4 prosent, og seier ei ytterlegare svekking er mogleg, dersom smitta ikkje bremsar opp. I Noreg seier éi av fire industriføretak av dei slit med å oppfylle kontraktar grunna stoda. Ifølgje Klassekampen fryktar halvparten av dei trøbbel innan «kort tid». I skrivande stund stupar oljeprisen og verdas børsar.

Eit av føretaka som opplever utfordringar er Felleskjøpet. Tilgangen til kraftfôringrediensar som aminosyra threonin, vitamin K og B, er ikkje lenger like føreseieleg. For, som så mykje anna, blir desse stoffa berre produsert i Kina. I førre utgåve av Bondevennen kunne du lesa at FKRA førebels har stoda under kontroll, men at dei overvakar utviklinga nøye.

Det er det all grunn til å gjera, for sjølv om dei færraste forbrukarar kjenner til desse stoffa, er dei svært viktige for kjøtet og egga som til slutt hamnar på bordet. Særleg produksjonen av fjørfe og svin, avla fram til høgtytande og hurtigveksande perfeksjon, krev fôring med nesten kirurgisk presisjon. Økonomien i næringa likeså. Utan den rette miksen, risikerer desse dyra å måtta naudslaktast innan kort tid. Ei grasbasert NRF-ku i høglaktasjon er meir fleksibel, men òg sårbar i lengda. Noko lager av viktige råvarer er det ingen som har, for, som innkjøpsdirektør i FKRA Geir Inge Auklend seier det: – Heile verdshandelen føreset jo at alt går som smurt.

Tanken om at me treng ei matvarekrise for å innsjå alvoret ved vår låge sjølvforsyningsgrad har nok streifa mange. Koronaviruset utgjer truleg og vonleg ikkje ei slik krise. Men stoda bør tene som ein førebels mild vekkjar for kor sårbare me er, all den tid me set vår lit til ein imponerande kompleks, men akk så finjustert og skjør global matvaremarknad.

Denne erkjenninga må liggja i ryggmargen hjå oss alle når me diskuterer landbrukspolitikk. Når me diskuterer kornlager, soya-import og utviklinga av norske proteinalternativ. Når me diskuterer sjølvforsyningsgrad. Og ikkje minst må vissa om kor sårbare me er stå heilt klart for dei med makt over matjorda vår.

Som eit av barna våre kanskje ville ropa det ut: Den som ikkje har fatta det nå, må gå!

Bothild Å. Nordsletten