I utgangspunktet har mennesket ei unik evne til å tenka framover og til å vera føre var. Fleire utviklingstrekk i tida tyder på at den evna bør aktiviserast no.

Matvareprisane har auka med 30 prosent det siste året, ifølgje prisindeksen til FNs organisasjon for ernæring og landbruk. Folk som i utgangspunktet ikkje har all verda å rutta med, må no ut med langt meir for basisvarer som sukker, planteolje og kveite. Tørke i USA, Canada og Kasakhstan gir mindre korn enn venta. I førre veke nådde råvareindeksen til nyhendebyrået Bloomberg det høgste nivået som er registrert nokon gong. Indeksen er sett saman av prisane på 23 råvarer innan energi, metall og jordbruksvarer. På kort tid har også prisane for framtidig levering av gass auka med 60 prosent. Grunnen er gapet mellom etterspurnad og tilbod i det verda opnar seg etter pandemien. Fleire internasjonale gjødselprodusentar, norske Yara inkludert, har anten stoppa eller redusert produksjonen som ein konsekvens. Også norske bønder har for lengst kjent kostnadsauken på pungen, og verre ser det ut til å kunna bli, dersom Kina gjer alvor av planane om å kutta eksporten av fosfor fram til juli 2022.

Legg til auka fraktprisar, og konturane av ei mogleg forsynings- og matvarekrise trer fram på horisonten. Den store uvissa som alt no heftar ved neste års avlingar bør takast på største alvor, sjølv i kjøpesterke Noreg.

I så måte er det eitt og anna å læra av Kina. Trass i alle sine demokratiske manglar og autoritære overtramp, så kan «Midtens rike» noko om verdien av beredskapsplanlegging og sjølvberging. Kinas globale shoppingrunde etter fôrråvarar den siste tida skuldast ikkje berre gjenoppbygging av husdyrproduksjonen etter svineinfluensaen. Dei har også rullert og fornya matvarelagera. Og når dei truleg kuttar eksporten av fosfor, er det ikkje for å straffa krevjande handelspartnarar. Dei gjer det fordi dei vil sikra heimemarknaden først.

Noreg kjem nok langt med over 11 000 milliardar på oljefondsbok, men sjølvforsyningsgraden vår er enn så lenge berre 35 prosent korrigert for importert fôr. Den nye regjeringa gjer difor klokt i å sjå til Kina – eller Finland, som framleis veit noko om å planlegga for det uføresette.

Konkret handlar det mellom anna om å auka beredskapen og å stresstesta verdikjedane for mat. Det handlar om gjenetablering av korn- og matvarelager. Om å leggja betre til rette for utnytting av utmarka, ein rik ressurs som fordrar korkje kunstgjødsel eller importert fôr for å gi oss mat. Det handlar om å rigga og å løna bøndene våre til å kunna auka produksjonen. Og sjølvsagt, om å trygga og å styrka produksjonsgrunnlaget vårt – matjorda.

Desse tiltaka kjem med ein prislapp. Med ei dagleg inntekt på nær fem milliardar kroner frå sal av olje og gass, har Noreg råd til å syta for grunnleggjande beredskap.

Bothild Å. Nordsletten