Ein mellomtittel frå Tines pressemelding om resultata for 2021 oppsummerer det pågåande dramaet i mjølkenæringa ganske presist.

Det gode først: 1 725 millionar kroner i driftsresultat for TINE Gruppa er eit sterkt tal, sjølv om det er 50 millionar svakare enn i 2020. Meierisamvirket manøvrerer stødig gjennom brottsjøen av pandemi, kostnadsgallopp og importauke. Dette set Tine i stand til å betala ut den høgaste etterbetalinga i historia, på heile 1,4 milliardar kroner. Var det eit år mjølkebøndene kunne trenga dei i snitt over 200 000 kronene som no snart er på veg, så var det vel i år. Tine skal ha ros for eit klokt grep.

Så det mindre gode: I ein normalsituasjon ville det vera grunn for bonden til å jubla og gå i gang med planlagde investeringar. Når mange truleg avgrensar reaksjonen til eit smil, er det i erkjenning av at dei ekstra pengane, kor kjærkomne dei enn er, går rett i kostnadssluket.

Konsernsjef Gunnar Hovland forsikrar at Tine skal stå på for å effektivisera drifta og lukkast betre i marknaden. Det trur me han på. Samstundes er han ærleg på at tøffare tider er i vente. Det har han heilt rett i. Og oppheving av smittetiltak, køar over Svinesund og dalande salstal for samvirket er berre forbokstavane.

Faktum er at det heng svært mørke skyer over mjølkenæringa. Mannefall har det vore og ytterlegare mannefall kan det bli, om ikkje grep blir tatt. Ifølgje melk.no har talet på mjølkebruk falle med 37 prosent dei siste ti åra. På dei 6900 gardane som er att, står 40 prosent av kyrne ennå på bås. NIBIO reknar at omlegging til lausdrift innan 2034 vil kosta opp mot 23 milliardar kroner. Mange har ikkje råd til å vera med på overgangen.
Bøndene i Møre og Romsdal, Trøndelag og Innlandet søkjer rett nok Innovasjon Norge om støtte til ombygging som før, men talet på søknadar går tydeleg ned i Rogaland og Vestland.
Det tyder at færre torer å satsa, og det er lett å forstå. Driftsmarginane er små, kostnadane veks, og investeringsstøtta er ikkje tilstrekkeleg til å setja mot i folk. Som om ikkje det var nok, framstår også ny gjødselbrukforskrift som ein stadig meir aktuell joker, med potensielt store konsekvensar for dyretalet.

Tine står heilt sentralt i utviklinga, men kan ikkje aleine bæra ansvaret for å redda norsk mjølkenæring. Om regjeringa ønskjer familiedrivne mjølkebruk, og den direkte og indirekte sysselsettinga og verdiskapinga dei skapar Noreg rundt, må den koma på banen med investeringsmidlar og eit inntektsløft som motiverer fram til og etter 2034.

Bothild Å. Nordsletten