Dei siste fire åra har omdisponeringa av matjord lege under den nasjonale målsettinga om maks 4000 dekar i året*. Det er gledeleg. Men når landbruksminister Olaug Bollestad no varslar revisjon av jordvernstrategien, er det likevel på høg tid.

For endå hamnar for mykje jord under betong og asfalt. Berre i Rogaland er 23 000 dekar sett av til framtidig nedbygging. Nasjonalt vil store vegprosjekt ta ytterlegare tusenvis av dekar, i tillegg til store naturverdiar.

Erkjenninga av dette ligg vonleg til grunn for eit jordvern-brev som Bollestad og kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) nyleg sendte til kommunane og fylkeskommunane. I brevet stadfestar dei at jordvern er viktig for å nå berekraftsmåla til FN. Dei skriv at dei har «tillit til at kommunene følger opp jordvernstrategien og bidrar til å redusere omdisponering av dyrket mark.»
At det må to ministrar til for å formidla det sjølvsagte, er eit signal om at det sjølv i 2021 er mange som slit med å forstå orda «ikkje fornybar».
Brevet kjem parallelt med eit veksande folkeleg medvit om jordvern, samfunnsberedskap og sjølvforsyning. Slik bidreg Bollestad og Astrup til å auke forventingane til sin eigen jordvern-revisjon.

Og forventingane våre er og må vera høge. Eit nytt jordvernmål må vera langt strengare enn det føregåande. Og det må danna grunnlag for ei mykje høgare verdsetting av jord – politisk, økonomisk, juridisk og kulturelt.

Null nedbygging av matjord må vera visjonen. Areal til samfunnskritisk infrastruktur som veg, må avgrensast sterkast mogleg. Alle nye bustad- og næringsområde må koma som fortetting av alt utbygde område, eller leggjast på ikkje-produktive areal.

Bondevennen meiner i tillegg at me må forby opsjonsavtalar på dyrka og dyrkbar jord. Slike avtalar undergrev jordvernmål, og legg press på dei faglege og demokratiske prosessane i kommunane. Dei kan òg så vondt blod i bygda. Før eit forbod kjem på plass, bør avtalane bli søknadspliktige, eller tinglyste, for å sikra tilstrekkeleg innsyn og opne prosessar.

Jordbruket må også vera budd på at næringa sitt eige forbruk av jord blir tema. Utrekningar viser at jordbruket står for over 20 prosent av den totale årlege nedbygginga. Det er alt for mykje, sjølv når målet er mat til folket.
Kraftfôrbasert fjørfe- og svineproduksjon bør i større grad kunne plasserast på berggrunn. Jordvernomsyn bør også vega tungt i vurderinga av kor nye lausdriftsfjøs bør plasserast.

Regjeringa sa i haust nei til ei tilråding frå Landbruksdirektoratet om å innføra meldeplikt for byggetiltak på dyrka og dyrkbar jord. Det bør likevel ikkje vera til hinder for at også jordbruket loddar djupna i «ikkje fornybar» og feiar for eiga dør.

Bothild Å. Nordsletten

*Jordbruket si eiga nedbygging av dyrka jord blir ikkje reflektert i statistikken. Faktisk nedbygd areal er difor truleg mykje høgare.