«Dette er siste gang vi kan lykkes med et bondeopprør. Neste gang det trengs er vi for få aktive og pårørende til å være politisk interessante.»

Hans Jørgen Boye, ein av initiativtakarane til Bondeopprør21, Facebook 19.januar 2022.

Du treng ikkje vera skarp analytikar for å slå fast at det kjem til å slå gneistar av årets jordbruksoppgjer, uansett utfall. Høge forventingar til den no drygt hundre dagar gamle regjeringa, kostnadsauke og bondeopprør, utgjer lett brennbart material over forhandlingsbordet. Og, som sitatet til Hans Jørgen Boye over formidlar, står det meste på spel – meir enn inntektsmoglegheitene for neste år.

Med pandemi, auka medvit om verdien av eigen matproduksjon og ei erklært landbruksvenleg regjering kunne ein håpa at eit oppgjer i mange milliardarklassen, var innan rekkevidde. Eit slik oppgjer er diverre ikkje gitt. For effekten av nedstenging, høg straumpris og auka kostnadar har råka mange grupper. Helsearbeidarar, lærarar og tilsette i kulturog serveringsbransjen er blant mange som vil krevja meir i år. Det er inga sjølvfølgje at bøndene sine krav vil bli møtt med den forståinga bøndene meiner dei fortener.

Eit døme på dette fekk me i NRK Dagsnytt 18-sendinga måndag 17. januar. Ikkje før hadde landets matprodusentar blitt lova ein sårt tiltrengt straumkompensasjon, før statskanalen sette ein tidlegare Høgre-statssekretær, økonom Tore Vamraak, opp mot landbruksministeren og bondelagsleiaren. «Her vil andre næringsdrivande og hushaldningar føla at dei betalar rekninga, medan nokre få, dei som ropar høgast og kanskje har best kanalar inn mot regjeringa, får den typen støtteordningar ». Sa Vamraak med referanse til veksthus- og husdyrprodusentar som no kanskje overlever ein sesong til.

Økonomen hadde sjølvsagt rett i å påpeika behovet for støtte også hjå anna konkurranseutsett næringsliv. Men i motsetnad til det han og NRKs dramaturgi ville ha oss til å tru, handlar det ikkje om anten bønder eller andre grupper. Det handlar om å prioritera samfunnskritiske strukturar først, for så å fordela resten av rikdomen vår på andre viktige samfunnsområde. Det er i det heile tatt ein stor tankekross at sikring av framleis matproduksjon i eit fjellendt og dels arktisk Noreg er eit debatt-tema i 2022.

Når så er tilfellet, fell ansvaret ennå tungt på bøndene om å formidla sine situasjonsanalysar og krav på ein måte som gjer at folk forstår samanhengane. Som til dømes det faktum at bondens inntekter langt på veg er politisk bestemt, medan marknaden dikterer utgiftene. At dei fleste kronene forbrukaren betalar for pølsene ikkje går til bonden. Eller at energisparing er vanskeleg når 7500 høns, eit fullt grisehus eller tusenvis av tomatplantar treng kvar varmegrad.

Du skal vera unnskyldt om du aller helst vil brøla ut bodskapen, men i ei tid der mange uroar seg for prisveksten, gjer jordbruket lurt i å framleis opptre så diplomatisk som råd. Klåre, legitime krav må forklarast med pedagogisk framstilte årsakssamanhengar, takt og tone. Diverre vantar det ikkje på dei som har vilje til å misforstå, og som vil spela matprodusentar opp mot andre, om dei ser sitt snitt til det.

Bothild Å. Nordsletten