Neste år, dersom pandemien er under kontroll, smittepresset lågt, og nordmenn igjen flokkar seg til Svinesund, kan det godt vera me ser attende på 2021 som eit toppår for norsk jordbruk.

For med heimearbeidande og Noregsferierande forbrukarar fløymer mjølka frå fjøsa så me knapt merkar eksportstoppen av Jarlsberg. God etterbetaling for mjølka vert det kanskje òg. Kjøtlagra er tømde, og omsider har svinebøndene fått betre betalt for varen. I vest heng frukttrea tunge, og jamt over er grasavlingane gode. Vêret og klimaet er til å leva med.

Andre stadar i verda er biletet eit heilt anna. For tørkeramma i Sør-Iran og California, for skogbrannramma frå Sibir til Ontario, og for flaumråka i Belgia og Zhengzhou, vil 2021 fortona seg som ein katastrofe. Og ekspertane har lite å trøyste dei med. Temperaturauken og stadig hyppigare, dramatiske vêrfenomen er utslag av klimaendringar som skjer raskare enn prognosane skulle tilseie.

Medan nordmenn har ete lokalprodusert ost på Røros og følgt cider-ruta i Hardanger, har hundrevis av menneske mista livet i vêr som har gått av hengslene. Avlingar har tørka inn, medan flaumstore elvar har ført tonnevis med dyrkingsjord i havet.

Krisene er tilsynelatande lokale, men dei påverkar oss alle og kjem til å påverka oss i aukande grad. Folk legg på flukt og verda blir meir ustabil. Og, for å ta eit heilt konkret døme, når kornavlingane minkar grunna heitebølgjer hjå gigantar som Kazakhstan, Russland, Canada og USA, påverkar det matmarknaden me alle handlar i.

Det er opp mot dette bakteppet at Høgrepolitikar Heidi Nordby Lunde si avvising av Senterpartiets ønske om gjeninnføring av kornlager i NRK 30. juli, framstår som uopplyst og trongsynt. Høgre set heller si lit til internasjonale handelsavtalar som det beste beredskapstiltaket. Handel er me sjølvsagt avhengige av, men i ei verd der folketalet veks, der det blir vanskelegare å dyrka nok mat og der gjennomsnittsbonden nærmar seg 70 år, er det ekstremsport ikkje å sikra seg som best ein kan på eigen kjøl.

Mot eit slikt bakteppe er det også djupt tragisk å registrera at dei færraste, om nokon, vågar håpa på fleire bønder i Noreg. Tvert om veit me at det blir færre. Statistikken er krystallklår, og dagens jordbrukspolitikk bøter ikkje på tala. Trass i dette, trass flammane og flaumane der ute, trass i vissa om at me berre har tre prosent matjord og ei sjølvbergingsgrad på under 40 prosent, tykkjest dei blå partia å sova roleg om natta.

Utan å bagatellisera den store kostnadsveksten næringa no opplever, skal me gle oss over det som teiknar til å bli eit godt år for jordbruket her heime. Samstundes avheng utviklinga framover av ei regjering som veit å satsa – og å setja pris på bonden sin samfunnskritiske rolle. I gode så vel som i magrare år. Ei løn som bonden kan leva av, er ei rimeleg investering i vår felles tryggleik.

Om få veker er det stortingsval. Takka vere Bondeopprøret har inntekt, og med det framtida for norsk jordbruk og sjølvforsyningsevne, klatra mykje høgare på lista over tema politikarane må snakka forpliktande om. Korleis dei evnar å sjå at det lokale heng saman med det globale og omvendt, bør også vega tungt når røysteseddelen skal fyllast ut.  

Bothild Å. Nordsletten

Del denne artikkelen