Ein oppvask er på gang i saka om ny gjødselbrukforskrift. Vonleg fører den til at særleg husdyrtette Rogaland kan pusta litt lettare.

Ei rekke bønder, rådgjevarar og ekspertar har i Bondevennen og Nationen i det siste stilt kritiske spørsmål ved tala bak forslaga til innskjerping av regelverket. Ikkje overraskande. No viser det seg at Nibio-utgreiinga som ligg til grunn for dei strengaste innskjerpingsforslaga, er prega av misvisande tal. Det kjem fram gjennom ein imponerande artikkelserie av Bjarne Bekkeheien Aase i Nationen.

Basert på materiale frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) konkluderte Nibio i 2018 med eit stort overskot i tilførsle av fosfor. Inntrykket ein sit att med er at bønder over heile landet overgjødslar i forhold til avlingane dei tek. Det er denne utgreiinga som fekk Miljødirektoratet til å føreslå ei innstraming frå dagens maks 3,5 kg tilført fosfor per dekar til 2,1 kg. Men ein av dei store «hakene» ved forslaget er at SSB-tala viser eit avlingssnitt på berre 528 kg tørrstoff per dekar for åra 2000- 2020. Som ikkje minst jærbøndene veit, er avlingane ofte over dobbelt så store. Dermed blir også fosforbehovet større enn det Miljødirektoratet legg til grunn.

Etter Nationens avsløringar varslar Nibio gjennomgang av talmaterialet og ny utgreiing. Dette er ei svært viktig utvikling i saka. For dersom reglane skal skjerpast og samstundes framstå som rimelege, er det sjølvsagt at talgrunnlaget må reflektera faktiske avlingar.

Korrekte tal er også vesentleg for alle utanfor jordbrukssektoren. «Vanlege folk» bryr seg kanskje ikkje om gjødseldyreiningar, P-AL-nivå og tørrstoffmengd. Men ingen er tente med bønder som ikkje får tilført plantene nok næring og som dermed må finna seg i reduserte avlingar, mindre protein i grovfôret og meir import av soya. For det er dette fagfolk åtvarar om, dersom innskjerpingane blir bygde på synsing. Også Nibio og SSB sitt truverd som premissleverandørar for regelendringar med potensielt store konsekvensar for samfunnet, står på spel her. Alle er tente med at det truverdet blir verande intakt.

Prosessen fram mot ei ny gjødselvareforskrift er ei stor tolmodsprøve, men den pågåande oppvasken motiverer. I så måte skal takken rettast til vakne journalistar på jakt etter fakta. Og også til eit offensivt jordbruksmiljø, ikkje minst i Rogaland, som no arbeider med eige, erfaringsbasert talgrunnlag, og som ikkje har tenkt å gi seg.

Bothild Å. Nordsletten