Ei ulukke kjem sjeldan aleine heiter det, og 2020 vil truleg bli ståande som eit overtydeleg døme på at det gamle ordtaket har noko føre seg. Som om korona ikkje i seg sjølv var ein hard nok prøve for samfunnet, har hausten gitt oss ein mutert variant av viruset, samt nye utbrot av sterkt sjukdomsframkallande fugleinfluensa og vidare spreiing av afrikansk svinepest.

Her heime følgjer Mattilsynet og Veterinærinstituttet nøye med på stoda. Så langt går vårt eige landbruk heldigvis fri for utbrota som herjar frå aust til vest i Europa. Men sjølv ikkje dei beste overvakingsprosedyrer utgjer noka heilgardering mot smitte.

Smittevernreglane på norske gardar er strenge og gode. Det som skjer rundt oss no, er ei påminning om kor uhyre viktig det er å vera skjerpa, og om å setja i verk raske tiltak ved mistanke om smittsam sjukdom. At bruka våre stort sett ligg spreidd, og at produksjonane er relativt små, er i seg sjølv gode smitteverntiltak. Likevel, i eit ope, mobilt og høgeffektivisert samfunn, er me alle sårbare.

Sjukdomsførebygging og strenge smitteverntiltak på garden handlar først og fremst om dyre- og menneskehelse, og om mattryggleik. Men med landbruket som omdreiingspunkt for fleire av dei store debattane i tida, handlar det også om næringa sitt omdøme og posisjon. Sjukdomsutbrot i og frå husdyrbesetningar blir raskt til diskusjon om industrielt dyrehald, mennesket si fortrenging av natur, dyrevelferd – og om kjøt.

For kvart større utbrot kjem det påstandar om moderne husdyrhald som tikkande zoonose*-bomber og arnestad for bakterielle infeksjonar. Bilete av dyr tryne mot tryne, nebb mot nebb, gir mange menneske assosiasjonar til dagens drift som noko negativt og livsfarleg. Det spelar rett inn i klima- og kjøtfri- debatten.

Pandemien har heldigvis fått fleire til å forstå kor viktig trygg matproduksjon er. Men kva når husdyrhald i seg sjølv blir ei kjelde til smittefrykt og avsmak av dyreetiske grunnar?

Visse kapitalkrefter bryr seg ikkje om kor kjøtet kjem ifrå, så lenge det er billig og mykje av det. Dersom det blir lønsamt å dyrke proteinar i arealeffektive laboratorier, utan dyr, utan rydding av natur, utan metan, avliving – utan smittefare – så vil nokon gjera nett det. Dette kan i så fall bli ein trussel mot husdyrhaldet slik vi kjenner det. I ei verd med stadig fleire munnar å mette, kva er dei gangbare argumenta mot ei slik utvikling?

Me veit at det ligg fleire farlege zoonosar på lur i junglane der ute. Har dagens husdyrbønder argumentrekka i orden før neste runde?

*Sjukdommar som smittar frå dyr til menneske.

Bothild Å. Nordsletten