Allsidig flora: Einar K. Time, tv. og Jostein Eiane konstaterer at det er allsidig og god grasflora i dette kulturbeitet der Statsforvaltaren no har gjeve varsel om oppheving av vedtak om spreieareal.<br />
Foto: Bondevennen (Frå nr. 31/32 2010)

Allsidig flora: Einar K. Time, tv. og Jostein Eiane konstaterer at det er allsidig og god grasflora i dette kulturbeitet der Statsforvaltaren no har gjeve varsel om oppheving av vedtak om spreieareal. Foto: Bondevennen (Frå BV nr. 31/32 2010)

LESARBREV:

Vern utan forbod

24. august 2026 | Dessutan, Lesarbrev

Ta vare på natur- og kulturlandskapsverdiar utan å oppheve vedtak om spreieareal på beite.

Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.

Røyne Kyllingstad stiller i boka «Dit vi kom frå – der det gror» nokre grunnleggjande spørsmål: Kven eig naturen? Kven avgjer kva som er fint? Korleis utviklar kulturlandskapet seg i forhold til maktforholda i samfunnet? Konflikt vil sjeldan leie til dei beste løysingane for naturen og dei involverte. No, som før, vil grunneigar vere den som forvaltar garden. Råderetten står sterkast om driftsmåtane er bygde på kunnskap om og innsikt i dei verdiane ein forvaltar.

Som ein av mottakarane av «Varsel – Oppheving av spreieareal på innmarksbeite» er eg part i saka, samstundes som dette er kjent fagstoff frå tida i Finnøy Forsøksring, der eg skreiv heftet «Skjøtsel av ope kystlandskap» til bruk i miljøplanar på tidleg 2000-tal.

Den nyleg vedtekne gjødselforskrifta har m.a. ei målsetjing om at gjødsling ikkje skal ha uheldige verknader for natur- og kulturlandskapsverdiar. Statsforvaltaren i Rogaland har vore tidleg ute og tolka dette som at kartlagt naturbeitemark ikkje kan overlappe med godkjend spreieareal for naturgjødsel. Det vert slått fast at gjødsling av naturbeitemarka fører til eit skifte i artssamansetnaden og at ein står att med få gjødseltolerante grasartar. Er det så enkelt?

Artar som ein gjerne finn i og som dominerer naturbeitemark mange stader, har eit nøytralt eller svakt positivt forhold til gjødsel og kalk. Dette er artar som engkvein, rødsvingel, engsoleie, vanleg arve og ryllik. Kløver likar kalk og vil finnast både på svakt og sterkt gjødsla område. Det viktigaste for den er lys, som den gjerne får ved intensiv beiting. Artssamansetnaden  i eit beite stabiliserer seg over tid etter driftsmåte.

Den trua naturtypen naturbeitemark har eit stort mangfald i Rogaland og i landet elles. Dei fleste stader er gjengroing med einer og tre det største trugsmålet. I våre område med mykje husdyr og beiting ser det noko annleis ut. Nokre eksempel frå eigen og leigde gardar der fem område er NiN-karlagt som naturbeitemark:

– Område med lite gjødseltolande artar som finnskjegg, smalkjempe, tiriltunge, tepperot, bregner, gulmaure og engsmelle. Dette vert ikkje gjødsla i dag, men det er intensiv beiting her. Innafor same område er felt som er dominert av rapp, raigras, kvitkløver og englodnegras. Alle desse greier seg godt der det vert kalka og gjødsla, og denne delen av området er ein del av spreiearealet på garden.

– Område med svært lite jordsmonn. Grasartar som engkvein, rødsvingel og smyle dominerer. Urter som vanleg arve, tepperot, følblom og ryllik er det mykje av. I tillegg spreier det svært varmekjære graset kamgras seg her. Heile området har vore gjødsla og kalka i generasjonar og det meste av området er ein del av spreiearealet på garden. Ein skjøtselsplan har styrt driftsmåten her sidan 2006.

«Dei fleste stader er gjengroing med einer og tre det største trugsmålet.»

Jostein Eiane

– Område med mykje stein som er så ulendt at det ikkje kan køyrast over med traktor. Dette har ikkje vore gjødsla i særleg grad. Området er urterikt, men også med artar – som einer og tre – som trugar artsmangfaldet. I tillegg er det utfordringar med framandartar som me helst ikkje vil skal spreie seg i norsk natur.

– Område rikt på tørrbakkeurter med, til Sokn å vere, sjeldne artar som jordnøtt, lundstjerneblom, hagtorn, krossved og rognasal. Dette er naturbeitemark med høg verdi. Det meste har vore svakt gjødsla gjennom fleire generasjonar med handelsgjødsel.

– Område prega av strandeng og gjengroing med bjørk og vier. Det er også store flater med engrapp, kløver og englodnegras som dominerande. Det meste av området har blitt kalka og gjødsla etter plan med skjelsand og handelsgjødsel  i ein generasjon.

Som eksempla viser er dette samansett og ikkje enkelt å setje i ein kategori handtert på same måte. Område kartfesta som naturbeitemark har nokre stader plantesamansetnad tilpassa ein driftsmåte med moderat gjødsling og kalking, og nokre få stader tilpassa ingen gjødsling eller kalking.

Ein måte å fange opp kompleksiteten i dette og rydde litt i målkonflikter områda måtte ha, er å utarbeide skjøtselsplanar for kvart enkelt område med naturbeitemark. Ein skjøtselsplan må byggje på fagkunnskap og erfaring og gjerne fange opp dei tradisjonelle driftsmåtane på staden. Den kan vere med eller utan gjødsling og kalking, alt etter tilhøva og kva type naturbeitemark som skal skjøttast. Statsforvaltaren har gjeve signal om auke i tilskott til drift av naturbeitemark og at dette vert ein varig del av ordninga regionalt miljøtilskott. Det er ressurskrevjande å utarbeide skjøtselsplanar, men det er eit eingongsarbeid som kan fylgjast opp av ei enklare revidering etter noko tid. SMIL-ordninga kunne passe godt til å støtte opp under ressursbruken ved dette. Det må vere oss bønder sjølv som har ansvaret og skjøtselsplanar må kunne leggjast fram på same måte som gjødselplanar etter den nye forskrifta.

 Jostein Eiane, gardbrukar på Sokn 

* NiN-kartlagt tyder at eit område er kartlagt etter Natur i Noreg (NiN), som er det nasjonale systemet for å beskrive og klassifisere naturmangfald og naturtypar i Noreg.