KJØKKENHAGEN

Raske vintermiddagar

Tøffing: Savoykål.

Javisst tek det tid å dyrka sine eigne grønsaker, men så sparer eg også mykje tid på matlaging om vinteren! Eg har kokt mange middagar på mindre enn eit kvarter den siste tida. Det store kjøkkenhageprosjektet i januar og februar er nemleg å eta ut or fryseboksen.
Der har eg ferdig oppskårne grønsaker – både rå og forvella. Raudbetar, sellerirot, blomkål, brokkoli, sukkererter og mangold har eg forvella. Grønkål, spinat, bladpersille, selleristang, grøne laukstilkar og bondebønner frys eg rå.

Kraftsupper

I fjor haust kokte eg også kraft på kjøttbein/ margbein og grønsaksavkapp. Dermed kan eg laga ei god suppe på null, komma niks: Det er bare å tina ein boks med kraft, ha oppi litt sopp, litt selleristang, grøn lauk, persille, grønkål og peppar – og la putra nokre minuttar. Det var éin vri. Ein annan kan vera kraft med blomkål, brokkoli og sukkererter. Og persille. Må alltid ha persille, veit du. Særleg bladpersille gir god smak.
I frysa har eg også ennå att ferdige supper og stuingar som eg laga på regnvåte dagar i fjor haust.
Ein boks kjøttsuppe blir til to nye middagar når eg sper med kraft, raudbeter, tomatpuré og kidneybønner. Pluss nokre nevar frosen, finhakka grønkål og bladpersille.

Italiensk og indisk

Ein stor boks squashstuing (kokt på lauk, squash, paprika, tomat og urter) blir til kjapp lasagne: Det er bare å leggja lagvis med lasagneplater og toppa med ost.
Av grønkål og/eller spinat kan eg laga ei god, krydra indisk gryte: Surr ein lauk, to kvitlaukfedd og tre cm ingefærrot i kokosolje. Tilset ein boks hakka, hermetiske tomatar, ei matskei malt koriander, ei teskei kardemomme, ei teskei kanel og la koka i ti minutt. Ha så oppi finnhakka grønkål/spinat og kok fem-ti minuttar til. Rør inn ein boks kikerter, varm opp, smak til med chili.

Lapskaus

Dei siste potetene la eg lagvis i ei form saman med skiver av forvella sellerirot, hadde på salt og peppar og fløyte, – godt til sundagssteika.

Av kjøtrestane laga eg ein rask lapskaus: Skar opp jordeple, fann fram forvella sellerrirot, grøne laukstilar (i staden for purre), bladpersille og hakka grønkål frå frysa. Spedde på med gulrøter og kålrot. Kokte opp i kraft.

Pasta og chiligryte

Eg er også glad for at eg la ned tomatar på glas i fjor sommar/haust. Det var fort gjort. Nå er det bare å tøma eit glas i ei gryte, ha i halvkokte pastaskruer og la dei koka ferdig i tomatsausen. For ekstra næring tilset eg gjerne bondebønner, og – giss kva? Hakka grønkål og bladpersille. Må ha noko grønt kvar dag, forstår du.
Graskar har eg også å ta av – både heile, uspretta og mos (av omnsbakte graskar) i frysa. Ha gjerne litt graskar i gryta når du kokar chili!

Solbærsmoothie

Luksus er det med sjøldyrka solbær i fryseboksen, nå midt i influensasesongen: Eg har spara dei med det i sikte. Til hostande og harkande familiemedlemmer med manglande matlyst, gjer det godt med ein smoothie av solbær, appelsin, honning, havregryn, vatn og litt kokosmjølk.

Grøn plantekraft

Det er ein fryd å sjå grønkålen stå frisk og grøn ennå. Også savoykål held ut. Den friske grønkålen lagar eg juice av saman med eple, appelsin, sitron og litt ingefær.
Savoykålen får stå til pynt… Dessutan er eg spent på kor mykje han toler

Kraft i kvar skei: Suppe av beinkraft, sopp, grønsaker og bondebønner.

Luksus: Smoothie av sjøldyrka solbær.

Planlegg før du kjøper frø

Den andre store kjøkkenhagejobben på denne årstida, er å planleggja årets sesong og bestilla frø. Før du opnar frøkatalogane, sjekk kva du har av frø frå før…

Tenk også gjennom dette:

Kor stor plass har eg?
Kva et me mykje og lite av? Liten vits i å bestilla mange frøposar med squash om der er aldri så mange kule sortar, om du ikkje kjem til å eta opp alt. Hugs at det blir mange store squash på éin plante..
Kor mykje tid har du?
Har du drivhus?

Å ala fram grønsaker frå frø krev tid og drivhus. Har du ikkje det, er det betre å satsa på lauk (frå settelauk), poteter. Pluss sukkererter, bondebønner, spinat, salat, raudbetar og gulrøter som du kan så rett ut på friland. Andre grønsaker som kål, sellerirot og purre kan du få kjøpt som små planter, såkalla pluggplanter.

Planlegg: Lett å kjøpa alt for mange frø om du ikkje legg ein liten plan for kva du vil dyrka og kva du har tid og plass til fyrst.

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka: