BN+

Stil: Olav Mellemstrand med gravemaskinen sin i bakgrunnen. – Me står i stil og er mest like gamle, seier bonden.


PORTRETT

Bonde heile livet



– Det er godt å ha noko å maska med, seier Olav Mellemstrand. Jærbonden har arbeidd med jord og stein heile livet, og har ikkje tenkt å slutta med det.


Sjur Håland


Han er fødd same året som Kong Harald. Olav Mellemstrand har sitt rike i fruktbar jord på Høyland i Hå. Garden, der han har budd heile livet, er gjævare enn noko slott. At bruket no er pakta vekk til unge krefter, legg ikkje nokon dempar på gleda over å kunna stå opp kvar morgon, kle seg, eta ei skjeva, drikka ein kopp med kaffi og gå ut og vera det han har vore heile livet. Bonde.

Godt selskap

Kona hans, Aslaug Mellemstrand, døydde i fjor. Det er eit stort sakn som berre den som har opplevd å bli enkje eller enkjemann kan vita noko om. Olav er likevel ikkje åleine. Dottera og familien hennar bur i nabohuset. Ute i marka er det også liv og godt lag å finna. Ein flokk med kyr står på andre sida av gjerdet, tygg drøv, og kikkar på den trugne arbeidsmauren. Vipene har det minka på, seier Olav. Men eit tjeldepar har reir like i nærleiken. Nå ventar Olav på at den tolmodige ruginga skal gi resultat. Han har også meir selskap. For tru det eller ei; kvar morgon står ei linerle i tunet og ventar på at bonden skal koma ut på trammen.


– Ho følgjer meg bak traktoren når eg kjører ned til jordstykket. Når eg sit i gravemaskinen står ho så nær at eg kan nå henne med skuffa. Det er forunderleg korleis alt er skapt. Eg tykkjer det er gildt. Me to held kvarandre med selskap.

Steller jorda

Nett no held Olav på med eit jordstykke på kring fem mål. Her har han grove nye grøfter og fylt på grus. Heilt på toppen har bonden som paktar garden spreidd talle. Olav kan agronomi betre enn dei fleste.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.