PORTRETT

Frå tatovering til digital rådgiving

20. august 2020

Ei tidsreise: Magne Økland starta som einaste rådgivar ved Vikedal meieri i 1971. Det var tett mellom bøndene og hyppige besøk med registrering og mykje manuelt arbeid både for bonde og rådgivar. Femti år seinare har traktor og teknologi erstatta mykje av det fysiske arbeidet på garden og rådgivinga blir gjerne gjort digitalt.

Magne Økland takka for seg, etter mest femti år i Tine. – Det er med blanda kjensler, seier Magne, som på somme gardar har gitt råd i tre generasjonar.

Liv Kristin Sola

– Eg har hatt ein meiningsfull jobb, og det skjer mykje for tida. Unge bønder investerer i nye bygg og startar ei ny tid på bruket. Det hadde vore spennande å følgt dei vidare, seier Magne Økland frå Sandeid i Vindafjord på Haugalandet/nord i Rogaland.

På ei handfull bruk har han vore rådgivar for tre generasjonar. Han innrømmer at det er krevjande å sleppe taket. Aller helst ville han slutte 1. mai neste år, nøyaktig femti år sidan han hadde sin første arbeidsdag. Det fekk han ikkje.

– Då bestemde eg meg for å bli pensjonist medan det framleis er lyse kveldar og grønt i bakkane, seier Magne, som rundar 70 i oktober.

Tett på bonden

Han starta som einaste rådgivar ved Vikedal meieri i 1971. Femti år seinare var han ei brikke i eit landsdekkande rådgivarkorps hjå samvirkegiganten Tine. Kor mange sjefar, jobbtitlar og arbeidsoppgåver han har hatt, har han ikkje tal på.

– På 70-talet var det tett oppfølging av bønder som var med i husdyrkontrollen, med mjølkeprøvar og registrering og merking av dyr. Først med tatovering, deretter med øyremerke. Dei første åra tatoverte me også gris og vog lam vår og haust, minnast Magne.

Rådgivaren var på besøk elleve gonger i året, og like mange turar innom for å levere måleapparata til mjølkeprøvane. Magne fortel at dei diskuterte alt som hadde med drifta å gjere – og litt til.
Dei målte siloane og rekna på fôrbehaldning. Tilskotet vart betalt ut etter kor mykje fôr dei hadde, ikkje etter kor mykje areal dei dreiv. Dei rekna på fôrbehov og planla fôring gjennom vinteren. Kor mange kyr kunne dei ha og kor mange måtte slaktast, og kor lenge dei kunne fôre oksane.

– Så kom kvotane. Det vart ein heilt ny og interessant måte å styre produksjonen og drifta på, seier Magne.

Menneskekjennar

Buskapsplanlegging, kvotefylling, mjølkekvalitet og avlsplanlegging har vore viktige oppgåver alle desse åra.

– Eg er ikkje akkurat datafrelst, men likar å prøve nye ting. Spesielt interessant var det å få opplæring i besetningsstyringssystem på mjølkeroboten, seier Magne.

Han er glad i folk, dyr og tal, og blir inspirert av å samarbeide med ulike typar menneske. Å bygge tillit hjå bøndene har vore viktig. Då er det viktig å skryte av det som er bra først, før dei kunne diskutere kva som kan bli betre.

– Å starte med det negative er biringt, seier den erfarne rådgivaren.

For mykje data

Magne fortel om ei rådgivingsteneste i stor endring, med spissa fagkompetanse og høg grad av fakturering. I tillegg til auka bruk av heimekontor og digitale verktøy.

– Det er vel og bra, men heimekontor svekker det faglege fellesskapet mellom rådgivarane. Digitale verktøy er nyttige hjelpemiddel, men erstattar ikkje menneskeleg kontakt, meiner Magne.

Det blir ein lang pause.

– Nye datasystem og stadig meir registrering og rapportering, både før og etter gardsbesøk, sluker mykje tid. Mi interesse ligg hjå bonden og dyra. Då blir det tungt å jobbe med desse datasystema, kan du trygt seie, seier Magne.

Han forstår at rapportering er naudsynt, men meiner arbeidet skal opplevast nyttig og meiningsfylt.

– Det kjennest litt som å bli overvaka, at arbeidsgivaren ikkje stoler på at eg gjer jobben min, seier Magne.

– Kva blir Tine si største utfordring framover?

– Å ta vare på medlemmane, spesielt nye brukarar. Å nå ut med god informasjon i dei rette kanalane, slik at folk får det med seg. Å formidle grunnleggande kunnskap om samvirket slik at dei unge forstår kor viktig det er å stå i lag, summerer Magne.

Takk

Magne er redd det blir stilt på telefonen framover og håper bøndene framleis vil ta kontakt for ein prat om smått og stort. I løpet av vinteren vil han ta seg nokre rundar og besøke dei han har hatt mest kontakt med, og hjelpe til om det trengst ei hand.

– Eg vil seie tusen takk for godt samarbeid med bønder og kollegaer gjennom så mange år. Takk for gode samtalar om mjølk og kyr, kvotar og buskap – men også den menneskelege samtalen, avsluttar Magne.

Allsidig og kufrelst

– Kva tenker du når eg seier Magne Økland?

– Det er ku det. Ei kolossal interesse for ku. Han hugsar dyra fleire generasjonar attende, mykje betre enn me gjer sjølve, seier bonde Ole Magnar Birkeland i Sauda, som har 220 tonn i samdrift.

I tre generasjonar har Magne vore fast rådgivar på bruket. I seinare tid har dei kjøpt tre til fire besøk utover det fellesfinansierte.

– Magne er totalpakke, seier bonden.

– Me har ein grundig gjennomgang av buskapen og dyreflyt og diskuterer fôring, avl og kva det måtte vere. Om eg kunne velje vil eg meir enn gjerne ha ein fast rådgivar som har oversikt og kan litt av alt, og så kople på fagfolk når det trengst, seier Ole Magnar.