BN+

Liv og lære i fjøset: - Alle ungar har godt av å læra at det er skilnad på dyr og menneske, seier barnehagestyrar og husmannspedagog Kathrine Eide Haugland, her med både to- og firbeinte i Haugland gardsbarnehage.

Husmannspedagogen



Kathrine Eide Haugland har endeleg funne ord for kva ho driv med på Haugland gardsbarnehage. Og kanskje ein pedagogikk for vår tid, i same slengen?


Bothild Å. Nordsletten


I 20 år har Kathrine Eide Haugland drive gardsbarnehage på heimegarden Haugland i Time kommune på Jæren. Når ektemannen Rune har ei ku som kalvar, smågrisar som skal fôrast eller ein kornåker som skal skjærast, ringjer han. Så kjem smårollingane og er med. Samspelet med dyr, årstider og avlingar bidrog til at Kathrine og kollegaene fekk prisen for årets barnehage i vår. Men det er først i haust at ei tilsynelatande ny tidsrekning har starta på bruket.
Og det takka vere eit ord. Eit ord som ber i seg verdien av å ta i eit tak. Ta vare på og å visa omsorg. Eit ord som rommar alt det samtida snakkar om, men ikkje rekk: Husmannspedagogikk.
Heretter er det husmannspedagogikken som skal styra kvardagen på tumleplassen mellom fjøs og jorder.


– Eg skal ikkje ta noko av æra for omgrepet sjølv, understrekar Kathrine og fortel om korleis ho høyrde det frå opphavskvinnas munn, eigar i Barnehagen Anderød i Moss, Ellen Mølmen, på ein konferanse.


– Men då datt alt på plass. Alt me driv med her. Det var som ei lita openberring.


Ho forklarar kva det går ut på.

Godt jorda

– Det handlar om å ta tida tilbake. Forstå kven me er. Vera stolte av kor me kjem ifrå, og det me kan. Å læra om kor maten kjem frå, men også om kva nytte dyra gjer for oss, og kva som skal til for at dei skal trivast.


Ungane på Haugland har sådd og hausta, sylta og kokt, gått i fjøset, sett fødslar så vel som daude dyr, i alle år. I all slags vêr. Slik rustar dei seg for livet, er tanken. Kvardagslivet.


– Ungane har godt av å læra kva ein vindusnal, hammer og ei sag er, seier Kathrine.


– Samfunnet har blitt slik at me gjerne kjøper oss fri frå oppgåver. Men dersom ungane aldri lærer at ting kan reparerast, at me ikkje treng å kjøpe alle tenestar, så misser dei noko på vegen mot å bli dugande menneske. Grunnleggjande ferdigheitar må til for å verta ein god husmann. Og det lærer dei her.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.