Bergen i bakgrunnen: Benedicte i arbeid i Matskogen, der målet er å kombinere god naturforvaltning og matproduksjon.
Bærekraftige Benedicte
Gjennom eit års-eksperiment skal Benedicte Brun berre ete plantebasert mat som kan dyrkast bærekraftig i Norge. Ønskelista hennar til kva norske bønder kan dyrka meir av, er lang.
Anne Rivenes, frilansjournalist
Korona-krisa har gjort matforsyning og sjølvberging til høgaktuelle tema. I Bergen bur ei dame som er midt i eit heilt spesielt mat-eksperiment.
– Mitt prosjekt er å visa at det er mogeleg å leve av eit norsk plantebasert kosthald. Eg et også litt importerte varer, men berre slike som kunne vore dyrka her, og som burde vore del av norsk landbruk, til dømes nøtter, seier Benedikte Brun.
Eksperimentet starta 1. juni i fjor, og skal vare eitt år. Kva er erfaringa så langt?
– Situasjonen i dag er at eg ikkje får tak i eit variert utval grønsaker og frukt. Så det blir litt smalt. Sommar og haust er det ganske bra utval i nokre butikkar av norske varer, men det er svært få som driv tørking og foredling av frukt, bær og grønsaker i Norge. Målet må vera å kunne ete norske varer heile året, og det hadde jo vore fantastisk å kunne kjøpe til dømes norsk tørka frukt, rista hasselnøtter, ertehummus, havremjølk og erteburger, seier Benedicte.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.