BN+

Endeleg: Frank gav aldri opp. Endeleg har han ein gard som er hans eigen.

Bonde med eigen gard – endeleg!

Draumen om å bli bonde har vore der lenge for Frank. Ein skogseigedom vart løysinga.


Jane Brit Sande


Mange av Bondevennen sine lesarar har allereie møtt Frank Bjerg Sigvaldsen, då han var fast skribent i spalta Bv-loggen. Der fortalte han om draumen om å drive eigen gard. Søka på Finn.no etter ein gard i drift, har vore mange.


– Eg starta vel leitinga for alvor som 20-åring, seier Frank.


– Det måtte vere ein konsesjonspliktig eigedom. Geografisk plassering var ikkje avgjerande, men finansieringa av ein slik gard er sjølvsagt vanskeleg, seier han.


Medan han leita, leigde han eit fjøs i heimkommunen Froland. Først med nokre sauer, som han fekk kjøpa av bonden han leigde av. Sauene vart fasa ut etter kort tid. Frank ville ha kyr. Med hjelp av Arild Grødum, som var storferådigvar i Nortura, starta han med seks ammekyr i 2012.

Draumen har alltid vore der

Men kva er det som er så freistande med bondeyrket? Kva er det som gjer at draumen ikkje gir slepp – år etter år, visning etter visning?


– Morfar har eit småbruk i Danmark, der har eg alltid kost meg. Heime hadde eg alltid nokre dyr å ta vare på, seier Frank.


– Eg trivst utruleg godt i naturen, og har lidenskap for dyra. Med beiting endrar dyra landskapet, og hindrar at det gror att. Det er herleg å vere ein del av det, seier han.

Løysing med bismak

Til slutt vart det klaff for Frank. Han enda endeleg opp med å bli bonde i heimkommunen, då ein kommunal skogeigedom vart lagt ut til sals. 1000 daa skog ville gi han boltreplass til fjøs, beite og hus. Men det vart ikkje utan humpar i vegen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.