BN+

Flyt: Med tvillinghjul flyt doningen på snaue tre tonn over kjelvene. Den ombygde Super Majoren med ein tre meters slåmaskin på løftestengene slår fint 30 mål i timen med ein fart på kring 18 kilometer i timen. Førarkabinen er henta frå ein utrangert skurtreskar på Austlandet.

Bygde super slåmaskin med gammal Major

Ledig tid til vinteren? Lett på marktrykket og bygg deg ein sjølvgåande slåmaskin!


Sjur Håland


Det er nett det dei har gjort på Figgjo i Sandnes. Sven Martin Håland har hatt god hjelp av far, Martin Håland, og farbror Gaute Håland, til den ganske så ekstreme forandringa. Ein 1963 modell Fordson Super Major er snudd bak fram, pussa opp og rigga med ein førarkabin frå ein skurtreskar. Ein tre meters slåmaskin er fastmontert på løftestengene. Maskinen har vore i bruk éin sesong. Nå skal han inn i verkstaden for litt finpuss og blå lakk gjennom vinteren. Større dekk skal på plass til framhjula (nå bakhjula). Panseret skal på, fronten skal pussast opp, medan førarkabinen treng ei ny dør. Kanskje blir slåmaskinen erstatta med ein 3,5-meters variant. Då må i tilfelle løftestengene kortast inn slik at ikkje traktoren lettar bak (framme).

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: