BN+

Heile familien: På Ombo-garden er heile familien i sving. Frå venstre: Rune, Ann-Mari, Leah Sofie, William, Per Kristian og Kenneth.

Draumen om Ombo



Ann-Mari Lindanger er ein av to mjølkebønder som er att på øya Ombo i Rogaland. No drøymer ho og familien om fjøs med robot.


Jane Brit Sande


– Garden og bondeyrket har alltid vore planen min. Eg passar ikkje på eit kontor, eg trivst best når eg jobbar med dyra, seier Ann-Mari.


Saman med mannen, Kenneth Rød, driv Ann-Mari Lindanger gard med mjølk og egg på Ombo i Rogaland. Ann-Mari har vore aktiv i drifta på heimegarden sidan ho kom heim frå vidaregåande i 2001. Då kunne ho skilte med fagutdanning som agronom frå KVS-Lyngdal. Ho dreiv garden saman med far sin, som også eigde den. Saman med faren bygde ho hønsehus, og starta opp med eggeproduksjon i frittgåande system. Ann-Mari var tilsett på garden, medan faren var i arbeid utanom garden. Mjølkekvota er på 250 tonn. Ved inngangen til 2020, tok ho endeleg over garden.


– Når eg ser tilbake på korleis åra har vore, er eg eigentleg glad for at eg i så mange år var tilsett på garden med dei rettane som følgjer med. Eg har fått born og vore gjennom eit samlivsbrot, og då har denne ordninga vore best, seier Ann-Mari.


Ann-Mari har sønene Per Kristian, Rune og William. I 2013 kom Kenneth inn i livet hennar. I 2015 fekk dei Leah Sofie, og i 2016 gifta dei seg.

Drøymer om fleksibilitet

No er draumen å bygga om og bygga på eksisterande fjøs.


– Med mjølkerobot, og plass til alt av storfe som høyrer til garden. I tillegg til kyrne i fjøset her heime, har me 40 ungdyr i eit fjøs me leiger. Det er dyr alle vegar, seier Ann-Mari.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.