
Hausteveteran: Fire eller fem maskinar er slitne ut i løpet av dei 60 åra Jørgen Hammersland har hausta vinterfôret på garden. Bonden sjølv er ikkje utsliten. 89-åringen vil fôrhausta så lenge helsa held.
Har fôrhausta i 60 år
Heilt sidan 1962 har bonden køyrt traktor og fôrhaustar i siloslåtten på garden. Kanskje har 89-åringen Jørgen Hammersland den uoffisielle verdsrekorden i fôrhausting.
Sjur Håland
Den 60. sesongen er ikkje noko unnatak. Når Bondevennen er på besøk på Eikeland i Etne, er førsteslåtten unnagjort, medan grasattlegga med havre til grønfôr står for tur. Så er det andreslåtten litt seinare på sommaren. Det går slag i slag. Den grøne og gule fôrhaustaren står klar. Det same gjer John Deer’en og tre avlessarvogner. Og Jørgen.
Handlag
Det er råd å rekka over mykje på 89 aktive år. Jørgen, som har handlag med det meste, har mellom mykje anna bygd kårbustaden sjølv. Med material frå skog som han sjølv i si tid planta. Han er interessert i alt som sviv, og var mellom anna den første i bygda som tok i bruk ein hydraulisk vedkløyvar – litt av ein revolusjon i si tid.
Jørgen har vore gift med jenta frå nabogarden, Reidun, i 54 år. Garden er det sonen deira, Ingvar, som driv, medan dei to døtrene er busette på gardsbruk eit stykke unna, i Haltdalen og Hallingdal.
Logg inn for å lese
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.