BN+

Sosialisering: På garden har Ingfrid og Inge Håkon Sleire 70 sauer, nokre villsau, og eit par av dei slo til med uplanlagte vinterlam.

Liv laga for Vestlandsmodellen?



Seks vestlandsgardar startar andelslandbruk, for å få hjelp av fleire hender og meir liv på garden. Men kor blir det av forbrukarane?


Anne Rivenes, frilansjournalist


Hønene på Sleire trippar forsiktig ut når regnet gjev seg og sola kikar fram, så gjester i tunet får ein livleg og fargerik velkomst. Gardbrukarane på Litle Sleire og Store Sleire i Masfjorden har slått seg saman til «Andelsbruket bortom elva», og vil ha fleire folk til gards som andelseigarar.


– Motivasjonen er å finna på noko nytt. Me arbeider mykje åleine, så det er fint å få meir folk og liv inn på tunet, seier Ingfrid Hansen Sleire og Inge Håkon Sleire.


Saman med Berit Sleire Rasmussen og Roy Rasmussen på nabobruket tilbyr dei fire ulike andelspakker.

Gode naboar og arbeidsfellesskap

– Ei pakke er kjøt av sau/villsau, ei anna har frukt og bær, den tredje potet og grønsaker og den fjerde inneheld ved. Folk kan kjøpa ein eller fleire andelar. Dei betaler ein sum og forpliktar seg til å arbeida minst 15 timar per andel, seier Ingfrid.


– I år vil me bruka det me har på garden, og seinare kan me utvida med det andelshavarane er interesserte i. Me dyrkar poteter og gulrøter i år, og kanskje andre grønsaker neste år, seier Inge Håkon.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: