Felles interesse: Møbelsnikkar Georg Guntern (t.v) og båtbyggjar Leif-Harald Amundsen møtte skogeigar Svein Bjarne Aase på Reksteren på Tysnes. Foto: Simon Wolff

På leit etter gode lauvtre

okt 15, 2020

Vestlandsskogen har verdiar som aldri når fram til marknaden. På tide å sjå lauvtrea som meir enn vedskog, meiner handtverksentusiastar. Og kanskje trengst det ein tre-børs?

Anne Rivenes, frilansjournalist

Då Svein Bjarne Aase kjøpte småbruk på Reksteren i Tysnes, vart han eigar av ein god del ask og eik. Han visste det var verdfulle lauvtre, men var usikker på kor han skulle finne kontaktar, prisar og vurdere kvalitet.

– Eg er interessert i ein plass der me kan få hjelp til å «hauste fruktene» av det som blir produsert i skogen vår, seier Aase. Han vende seg til skogrådgjevar Simon Wolff, som visste at både båt- og møbelprodusentar alltid er på jakt etter god material.

Wolff tok med seg møbelsnikkar Georg Guntern og båtbyggjar Leif-Harald Amundsen til Svein Bjarne Aase sin skog på Reksteren. Deira felles interesse er at lauvskogen lokalt på Vestlandet skal koma til nytte i form av materiale til møblar, båtar og andre trevarer.

Foredling er utfordring

– Eg fann to eik og ein ask, seier Georg Guntern, etter besøket på øya.

Møbelsnikkaren er også tømrar, arkitekt og biletkunstnar, opprinneleg frå Sveits, men bur og arbeider i Bergen. Firmaet gg møbel lagar møblar og innreiing på mål, og er naturleg nok opptekne av kvaliteten i ulike material.

– Kor lett er det å finne lokalt trevirke?

– I utgangspunktet er det lett, men samstundes vanskeleg. Det finst mange fine lauvtre på Vestlandet, men problemet er foredlingsprosessen. Måten tre vert hogde og skorne, og korleis det vert tørka på. Fleire skogeigarar seier at dei godt kan hogge og selge, men då må dei vite at kjøparane er der. Det tek plass med naturleg tørking, og materiala må gjerne liggje to til fire år, seier Guntern.

Møblar: Bordet er laga i bøk frå Fløyen, noko som gjev ei lokal tilknyting som begeistrar kundane, fortel møbelsnikkar Georg Guntern. Foto: gg møbel

Gull i grøne skogar

Tre som skal nyttast til møbelproduksjon må kuttast tidleg, og helst ha heilt rette stammer og lite kvist. Men mange skogeigarar overlet skogen til seg sjølv, og vedlikeheld ikkje lauvtrea slik at dei eignar seg til møbelproduksjon. Dessutan manglar det ein marknadsplass og eit nettverk som gjer det enkelt å handle lokalt, noko som ville auka lokal verdiskaping.

– Eg kjøper mest frå nord-Tyskland, fordi der er det enklast å få nok materiale i rett kvalitet. Det er tørka ned til dei åtte prosent eg treng, det har blitt lagra klimarett, og alt er sertifisert. Men eg vil gjerne handle mest mogeleg lokalt, så skog frå Vestlandet vil vera det beste, seier Guntern.

Eit bord som gg møbel har laga av bøk frå Fløyen, vekkjer stor interesse på messer. Folk kjem bort for å ta på det ein ekstra gong, fordi dei kjenner tilknyting. At eit produkt «kjem med ein historie» i form av lokal identitet, gjev ein ekstra kvalitet, meiner møbelsnikkaren.

Saknar ein «tre-børs»

Oselvaren er ein smekker båt med historie og byggjeteknikk som strekk seg attende til vikingtida. Vidar Langeland, dagleg leiar i Oselvarverkstaden, seier at dei alltid har brukt kortreist tømmer. På Tysnes var kollegaen hans, Leif-Harald Amundsen, for å sjå etter eik til kjøl og keipar. Det fann han.

– Me var tom for keipeemne, og har etterlyst det i lengre tid, seier Langeland.

Medan sjølve båten vert bygd av furutre (180-250 år gamle), trengst det eik til kjøl og keipar. Eika skal helst liggja fleire år i sjøen, for å bli «impregnert». Sidan båtbyggjarane treng heilt spesielle kvalitetar på trea, kjøper dei berre skog på rot, og dreg sjølve ut for å hogga dei utvalde trea.

– Det trengst ein marknadsplass, gjerne ei Facebook-side, der folk kan leggja ut kva dei har og kva som er tilgjengeleg av skogsområde, treslag og alder. No er det litt tilfeldig kven me snakkar med og kva me får vita om, seier Langeland.

Trebåt: Oselvarar er smekre og sterke båtar, bygd i furu med eik i kjøl og keipar. Båtbyggjar Leif Harald Amundsen er stadig på jakt etter gode byggjematerial. Foto: Oselvarverkstaden.no

Tre-nettverk

Skogeigar Svein Bjarne Aase Gamle handtverksteknikkar fortener råvarer av beste kvalitet, og når dette finst lokalt, er det ingen grunn til å importere. Hogst og foredling kan gje verdfulle lokale arbeidsplassar.

– Me jobbar for å etablere ein «tredrivar » rundt Bjørnafjorden, for å auke bruk og foredling av lokalt virke, mellom anna meir bruk av tre i kommunale bygg. Ei koordinert og langsiktig satsing vil styrke skogbruksnæringa, meiner Simon Wolff.

Tredriveren er eit nasjonalt nettverk, koordinert av Innovasjon Norge, som skal vere pådrivar for auka bruk av tre og innovativ bruk av tre.

Share This