BN+

Ryddegjeng: Thomas Hadland og morfar, Ove Særheim, tar seg tid til ein prat ved grinda. I bakgrunnen ein av dei mange teigane dei har opna og rydda.


I Eigedal i Lindesnes tar Thomas Hadland og Ove Særheim tilbake jorda og lagar innmark av utmarka - som i farne tider var innmark.


Sjur Håland
Einer, bjørk og anna kratt må vika for gravemaskin, rå handemakt, og hardbarka Galloway-storfe, som jafsar i seg det meste som veks.


– Til og med brennesle har eg sett dei har ete. Det sveid nok litt, oksen stod og slikka seg lenge rundt mulen etterpå, fortel Ove, medan han klør ei av kyrne på nakken. Siste ni åra har dei rydda drygt 100 dekar gjengrodd innmark, og sett opp hundrevis av meter med gjerde. Thomas og Ove har ikkje planar om å stoppa med dette. Lindesnes kommune er med på laget. SMIL-midlar bidreg til å dekka delar av kostnadane.


– Kommunen sine folk fortener skryt, seier Thomas.

Gjengrodd

Ove (79) er fødd på Bryne og vaks opp på gard på Rosseland. Han vart gift med ei jente frå Nærbø. Dei to hamna på ein gard på Hellvik i Egersund, kor dei gjennom 40 år dyrka land og bygde opp ei stor mjølkebesetning. Kona døydde i 1997. Tre år seinare reiste Ove til Sørlandet og overtok ein gard etter ein onkel. Garden Eigedal var då overteken av naturen. Furu, bjørk og einer. Det var mest ikkje råd å sjå ein snau, grøn flekk. Ove skaffa seg ein saueflokk og starta straks med å kultivera jorda på nytt.


– Ryddinga handlar i stor grad om å fjerne eineren. Der det er utløp for vatn, må me grava veiter og legga ned røyr. Opne grøfter må reinskast for å få vatnet unna. På mange område sig det til mykje vatn. Det er om og gjera å få vatnet vekk, understrekar Ove.


Å spa veiter med spade eller gravemaskin er det gildaste Ove veit. Å drenera ei myr, er om mogleg enda gildare.


– Myrar kan eg, seier 79-åringen, og fortel om korleis han legg dreneringsrøyr i botn av myra før han legg einer oppå og grev over.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.