BN+

Viljestyrt: Drivkrafta er å berga kloden, og Helene Olli Sollid tenkjer sirkulærøkonomi i stort og smått.

Sirkulærøkonomi på småbruket



– Løa skal bli pengemaskina mi, seier Helene Olli Sollid og gliser breitt. Det høge grindbygget som reiser seg på gamle murar, skal husa verdas minste lausdriftfjøs, men har også rom til selskap og kurs, kjøtforedling og ysting.


Anne Rivenes, frilansjournalist


– Eg er ein moderne fiskarbonde, seier Helene Olli Sollid.


Femti sauer er ikkje allverda, så Helene må nytte alle ressursar til å skape leveleg inntekt. Det allsidige arbeidet på Gripen gard gjev meining i rikt monn. Sjølv på dagar med striregn og gjørme, lengtar ho aldri tilbake til arkitektkontoret.


– Har ikkje angra ein dag!, seier arkitekten som rett og slett ikkje gadd meir stillesitjande kontorarbeid.


Ho sa opp jobben og starta som «Altmuligoteren », med verkstad der ho reparerte gamle ting. Men Helene lengta framleis ut, til dyr og natur, og for åtte år sidan kjøpte ho småbruket Gripen på Holsnøy i Nordhordland.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Bondevennen kampanje

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.