Rike dagar: Kvanndalen er langstrakt og bratt og det blir lange dagar i fjellet. Men så er det denne X-faktoren som sauen og heiedrifta har. Det som ikkje kan forklarast, ifølgje (f.v.) Magne Eggebø, Johan Eggebø, Samuel Halsne og Torjus Halsne.
Slaktar rett frå fjellet
Dei fire bøndene i Kvanndal sankelag reiser til heis med både trillingar og firlingar, og sender det meste av slaktelam til slakt rett frå hegna. Med gode resultat.
Liv Kristin Sola
Tidleg i juni reiste Johan Eggebø og Magne Eggebø frå Finnøy og Torjus Halsne og Samuel Halsne frå Halsnøy, med 650 dyr til Kvanndalen i Øvre Suldal. Ein tredel av dei var lam.
Etter hovudsankinga 14. september sende dei 171 lam til slakt direkte frå hegna. Måndag hadde dei resultatet:
«Me har eit fantastisk
beite på 30 kvadratkilometer.»
Samuel Halsne
Snitt levandevekt varierte frå 45 til 48,5 kilo, og snitt slaktevekt frå 21,5 til 23,5 kilo. Johan klarte U- i klasse på sine NKS-lam. Dei andre fekk klasse R+ i snitt.
Dei har mest NKS, men både Torjus og Samuel har ein del kvit og farga spæl. Magne har i tillegg nokre blæsete og fuglestadbrogete med seg til heis.
Kvanndalsdrifta/Bleskestad sankelag
Kvanndalen er eit landsskapsverneområde i Øvre Suldal. I tillegg til sau er det òg beite for reinsdyr. Bøndene frå Finnøy har avtale med to grunneigarar om totalt 650 dyr i heia. To tredelar er lam.
Beitesesongen varar i tre månadar. Før sankinga har dei allereie henta heim 70-80 dyr som har kome ned til demningen.
Tapet er rundt to prosent.
Oldefar Severin
Det var oldefar til Magne og Johan som først hadde sauer til fjells i Kvanndalen. Oldefar Severin tok den lange turen frå Finnøy til Øvre Suldal første gong i 1935.
Han hadde med seg fleire flokkar frå Finnøy, og hadde på det meste 1000 dyr som han hadde tilsyn med. Også oldefar til Torjus og Samuel hadde sauer her på den tida.
Severin budde i heia frå st. hans til sankinga i september. Han var berre heime ei veke i juli for å ta slåtten.
Sau i Suldal
Tal frå landbruksdirektoratet viser at det i 2025 var 163 føretak som søkte om tilskot til totalt 10242 sauer i Suldal kommune.
Store områder
Bøndene er nøgde, både med resultatet og med sankinga.
– Totalt manglar me 123 dyr. Nokre går høgt, andre har me berre gått forbi, og nokre går i nabodalen, seier Johan.
Dyra vert sleppt på 600 meter og beitar seg innover dalen mot 900 meter, og oppover dalsidene, opp mot 1300 meter. Etter ein snørik vinter er det nygroe langt uti august, seier bøndene.
– Me har eit fantastisk beite på 30 kvadratkilometer. Ulempa er at det er så stort og langstrakt at me ikkje rekk å få med oss dyra som går høgt når me har hovudsamlinga, seier Samuel.
Dei leiger dyrebil til hovudtransporten både sommar og haust. Resten køyrer dei sjølve. Magne har plass til 50 dyr i bil og hengar, og dei første dyra blir køyrt til heis i mindre grupper seint i mai. I starten av juni kjem dyretransporten med 500 dyr.
Beitesesongen varer frå starten av juni til september. Bøndene har tilsyn to veker kvar.
– Pluss to seniorveker, seier Samuel.
Han og Torjus er brør, det same er Johan og Magne. Fedrane, Johne Halsne og Askild Eggebø, er begge aktive i heia.
Like mange som resten
Magne (35) overtok heimegarden i 2021. Han er gift med Ingrid, er utdanna tømrar, men lever no av garden. Han har 150 tonn i mjølkekvote, åtte ammekyr, og 230 vinterfôra sau, og årets lammetal var 470 lam. Mest NKS, men òg nokre blæsete og fuglestadbrogete.
Barna Malena (9), Sivert (7) og Lina (2) har nokre dyr av kvar sin rase. Sjølv hadde han texel i oppveksten.
Magne driv 245 dekar dyrka jord og 346 dekar innmark. Halvparten av saueflokken blir sendt til heis, resten beitar heime.
«Sau er altfor kjekt
til å la vere.»
Johan Eggebø
Overtok ein heiabesetning
Johan (29) er dyrlege på fulltid og paktar eit sauebruk på 100 dekar, der 27 dekar er dyrka. Han overtok ein saueflokk som hadde beita i Kvanndalen.
Johan har 90 vinterfôra sau, mest NKS, og nokre kryssingar med fuglestadbrogete og pelssau. NKS’ane sender han til fjells, rundt 100 i talet. Resten er heime.
Og på spørsmål om kvifor han vil drive gard i tillegg til jobben, er svaret enkelt:
– Sau er altfor kjekt til å la vere.
Heiajente: Malena (9) likar seg i heia med dei vaksne, utan sysken, og i lag sauene og hunden Tico. Ho har kvit spæl som sin rase. – Den er så fin, og har krøller, slik som eg, seier ho.
Broren Sivert (7) har farga spæl og litlesyster Lina (2) har nyleg fått svartfjes som sin rase, kan Malena fortelja.
Trilling og firling til heis
Magne har lemming i påska. Då har han god hjelp både til mjølking og til å sjå etter saueflokken. Lammetalet er rundt 2,4. Han adopterer 15-20 lam, mest firlingar, men tek ikkje frå lam berre fordi det er mange.
– Det er sauen som avgjer om eg sender ho av garde med tre, eventuelt fire lam. Er ho i stand til å fø lamma sine, så er heia ein god plass for dei, seier Magne.
I sommar sende han 30 trillingsøyer og fire firlingar til heis.
– Så lenge lamma er fine og søya er frisk går det bra. Og firlingar som slaktar seg på 18-20 kilo, er god produksjon for ei søye, seier han.
I slutten av august henta dei heim ein sau med fire lam. Lamma vog 38,5 kilo i snitt. Rekorden er eit snitt på 45 kilo på femlingar.
På heimveg, med fire lam: Askild Eggebø har vore bevisst på å avle på morsevne. No sender sønene både trillingar og firlingar til heis, om lamma er jamne og fine. Men skal det lukkast, må dei legge inn ein ekstra innsats om våren.
Gradvis tilvenning
Johan er rask med å få søye og lam på halm. Han sprayar navlen og sikrar at dei får i seg råmjølk.
– Me kan aldri snakka nok om råmjølk, seier dyrlegen.
Gradvis går dei over i større grupper, og får seg ein luftetur nokre timar.
– Eg tek dei ut og inn nokre dagar for tilvenning, og for at lamma skal lære å finne mora i større grupper, seier Johan.
– Og så er det viktig å unngå solbrende spenar. Det er krise både for lam og søye, seier Magne.
Ner og heim: Tal frå landbruksdirektoratet viser at det i 2025 var 163 føretak som søkte om tilskot til totalt 10242 sauer i Suldal. – Her er det mange små flokkar som i sum utgjer ein stor flokk med dyr som haustar av utmarka, seier Askild Eggebø.
Sikrar ein god start
Summen av langsiktig avl, ein god start på lam og søye, samt eit godt fjellbeite gir resultat.
– Far har alltid lagt vekt på at sauene skulle klare å gå til fjells med tre lam. Resultatet er at mange sauer fint klarer å gå med fire, seier Magne.
Men skal dei klare det, må bonden sikre ein god start for lamma og legge til rette for at søya har nok mjølk.
– Firlinglam får tilskot av mjølk frå flaske dei første dagane, og sauen får kraftfôr fire-fem gonger om dagen slik at ho kan mjølke seg opp, seier Magne.
Og mens einstaka og tvillingsøyer blir køyrt vekk på vårbeite, går trilling- og firlingsøyer på gode beite nær huset med god tilsyn.
«Det er politisk vilje til å nytte utmarksbeita,
det merkast, og det set me pris på.»
Magne Eggebø
Økonomi i fjellbeite
Fjellbeitet er ein viktig del av fôrgrunnlaget på garden. Alternativet ville vore å redusere dyretalet. Og sjølv om det er ein kostnad knytt til transport, beiteleige og arbeidstimar med drifting, sanking og tilsyn, meiner Magne det er god økonomi i å ta sauen til fjells.
– Både at me kan ha fleire dyr, men òg at tilskot til sau i utmark mest har dobla seg dei siste fire åra. Det er politisk vilje til å nytte utmarksbeita, det merkast, og det set me pris på, seier Magne.
– Og så har me eit svært godt samarbeid oss imellom, og med dei lokale bøndene, med Erik Jordebrekk og gjengen hans, spesielt under sankinga, seier Samuel.
– Sau er sau heilt til dei står i hegna. Først då skil me på eigar, legg han til.
Rett sau til rett eigar: Når flokken er sortert står dei att med ei gruppe med status «annan sau», som dei registrerer og finn eigarane til.
Ammeku og sau
Samuel (34) overtok heimegarden med sau og ammekyr i 2024. Han og kona Ragne har døtrene Alma (7) og Selma (4). Bonden er tømmermann og klipper sau i sesong.
Går alt etter planen har han 19 anguskyr som skal kalve til våren. Kvigekalvane blir slakta som gourmetkalv og oksekalvane blir selde til ein nabo for oppfôring.
Han har 60 dekar dyrka jord, og rundt 90 dekar beite pluss 90 dekar «udefinert» beite.
På garden er det 70 vinterfôra sauer. Neste år blir det 80. Samuel har mest NKS, men ein fjerdedel er farga spæl.
– Ikkje sikker det er god økonomi, men eg likar variasjon. Og så er det noko med spælsauen. Dei er gode mordyr og går ufatteleg godt i heia, seier han.
Dei gode hjelparane: Familiane Halsne og Eggebø stiller sterkt når det er sanking. I tillegg får dei hjelp frå tidlegare sauebonde, Solfrid Skasdem (t.h.). F.v. Samuel Halsne, Askild Eggebø, Johne Halsne, Magne Eggebø, Malene Eggebø, Arna Eggebø, Anna Serina Halsne, Torjus Halsne, Siv Anne Evensen, Johan Eggebø og Solfrid Skadsem.
Må til fjells
Samuel sender dei fleste dyra til fjells.
– Her er lågt smittepress, inga makking eller fare for blåtunge eller haemoncus. Det er gode tilskot, og eg får meir beite heime til storfe, seier bonden.
Leggelam blir plukka ut etter søyer som har god morsevne, og som går godt i heia.
– Eg setter gjerne på etter ei eldre søye som har hatt mange jamne og fine lam, seier han.
Målet er haldbare søyer som tek godt vare på lamma sine. Men same kor gode søyene er, så slaktar Samuel dei etter sjuande kullet.
– Åttande året blir det ofte problem, har eg lært av far.
Minst for pengane
Torjus (32) er lærar på Rennesøy ungdomsskule og sauebonde på Halsnøy. Garden er på 130 dekar, der 20 er dyrka. Han har 60 vinterfôra sau; 26 farga spæl som går til heis, resten er svartfjes som han held heime. Sau som han ikkje skal legge lam etter blir kryssa med texel eller NKS.
– Eg må ha noko som ikkje alle andre har, det er viktig. Og så vil eg ikkje ha så mange lam. Det røyner på sauen, seier Torjus.
Også han har vore på sanking sidan han var liten, og meiner seg arveleg belasta.
– Eg gjer det minst for pengane. Mest for alt det andre. Det utruleg kjekt å ha dyr her i lag med bror min og to kameratar, seier 32-åringen.
Gode heia-sauer
Dei vaks opp med fedrar som var over snittet interessert i sau. Dei jobba målretta for å få gode bruksdyr med gode jur og spenar. Og for å få flokkar som fungerer godt i heia, med mange lam.
– Dei må følgje mor si og gå tilbake der dei var med mor som lam, at dei ikkje rek vekk, seier Johan.
Alle fire nyttar sauekontrollen aktivt. For Samuel og Torjus er eigenskapar er vel så viktige som indeks når dei vel leggelam.
– O-indeksen seier noko om kva du kan forvente, men ikkje plent kva du får. Men eldre søyer som held ein høg O-indeks er bra utgangspunkt, seier Samuel.
Skilnad på tvillingar
Johan og Magne er med i verering og er begge registreringsbesetningar. Dei registrerer fødselsvekt, vårvekt, haustvekt og vaksenvekt, i tillegg til spenestørrelse, lemmingsvanskar og fødselshjelp på lammet.
– For oss er O-indeksen eit viktig utgangspunkt for å velje leggelam. Og så er det andre ting som skil den på 123 og 125 i indeks. Blant anna korleis dei oppfører seg i heia, seier Magne.
Dei gen-testar lam dei vurderer å sette på, og bruker gs-resultata til å plukke leggelam.
– Gentesten kan vise store endringar i O-verdi, også mellom sysken. No kan me plukke dei lamma som får best resultat på gentesten, seier han.
– To lam som er sysken og har 125 i O-verdi kan ende opp med det eine på 115 og det andre på 135. Då kan me vurdere å legge berre det eine, seier Johan.
Frå Haukeli til Kvanndalen: Arna (t.v.) og Anna Serina blir møtt av Malena då dei kjem med første flokken. – Sankinga har vore fin, vått og kaldt på fredag, men me fekk med oss mykje sau, men dei gjekk treigt, seier Anna Serina.
Tre generasjonar Jordebrekk: Dei lokale bøndene i Øvre Suldal er viktige for bøndene frå Finnøy, og samarbeidet går begge vegar. Her frå venstre: Erik, Ola, Ådne, Nils Olav, alle med etternamn Jordebrekk.
Hellig helg: Sanking er ikkje berre lange dagar i fjellet, det er òg eit viktig møtepunkt og fellesskap på tvers av generasjonar. Hellig helg, kalla dei det, gjengen utanfor hytta. F.v. Hunden Tico, Askild Eggebø, Malene Eggebø (9), Gisle Jordebrekk Fermann, Svein Jordebrekk, Anita Juvet Jordebrekk, Helge Jordebrekk, Hanna Hove og Mikal Vagle Jordebrekk.
– Gled det over gode år
Hovudsankinga startar ved Kaldevant sør for Haukelivegen. Så driv dei dyra nedover mot hytta på Jensafet, som er ei av tre hytter sankelaget disponerer. Dagen etter går dei vidare mot Kvanndalen kor dei møter dei som har drive dyr ned frå toppane. Terrenget er krevjande. Fleire av dei høgste toppane i Rogaland ligg i dette området.
Nede ved hegna ventar Malena, dotter til Magne, i lag med farfar Askild. Når sauene kjem får dei dyra inn på hegna.
Askild har vore i Kvanndalen sidan han var gutunge, og 40 år med eigne dyr. Det har vore mange gode, men òg mange krevjande år.
– Du må gle deg over dei gode åra, og gløyme dei vonde, seier den erfarne bonden.
– Så heldig eg har vore
Det nærmar seg kveld då dei siste dyra kjem ned til hegna. Johne er ein av dei som har nærare 14 timar bak seg i fjellet denne våte laurdagen. Dei har funne godt med dyr, og lamma ser bra ut. Men det har teke tid.
– Det er godvêr i vente, då trekker dei opp i fjellsidene og vil ikkje bli med, seier bonden.
Johne var på si første sanking i 1977. Sidan har han ikkje mista eit einaste år.
– Askild og eg har vore heldige å få vere her i lag og ha ungane med oss frå dei var små. Dette er noko av det finaste eg får vere med på, seier han.
Johne er glad sønene har same interesse, både for sauen og for å bruke fjellbeite. I tillegg er dottera Anna Serina alltid med på sanking. Det same er Arna, dotter til Askild.
Godt samarbeid: Bøndene har godt samarbeid med Erik Jordebrekk (i front) som har 120 sauer med lam i naboheia. – Det er flott å ha beitenaboar som Erik og resten av gjengen frå Bleskestad. Dei er til uvurderleg god hjelp, seier Askil Eggebø.
Ber arven vidare
Det er langt frå oldefar Severin si tid som gjetar i Kvanndalen, til dagens elektroniske Gjetargut. Som gjer ting enklare. Men noko av sjarmen er vekke, meiner Johan. Då dei var mindre kunne han sitte med kikkerten og plukke ut enkeltdyr på lang avstand, og sette alt i ein samanheng. Fordi han visste kva dyr som gjekk kor i fjor. I ein flokk på over 200 vaksne søyer.
– Johan har eit anna hovud enn oss andre. Eg er interessert i sau, for Johan er det ein lidenskap, seier Magne.
– Det er han som er «top of the league» når det gjeld avl, seier Samuel, og peikar på Johan.
Johan sjølv trur det heng i hop med at dei tidleg fekk ansvar for eigne dyr.
– Så kan det nok hende far overstyrte litt, men me følte det var me som bestemde, seier Johan.
Medan Magne hadde texel som sin rase, måtte Johan «mase» nokre år før han fekk inseminert med sine første dosar med fuglestadbrogete.
– Det var alltid draumen, fordi dei er så fine å sjå til. Men kan jo ikkje konkurrere økonomisk med NKS, seier han.
Godt samarbeid i heia
Tilbake til Kvanndalen og sankelaget.
Det byrjar å skumre før dei har fått skilt flokkane i hegna. Askild er klar med middagen, men bøndene har ikkje før kome i hus før det kimar i telefonen. Samuel og Magne må ein tur ned i bygda for å hente seks sauer som naboen har fått med seg heim.
– Me har eit fantastisk samarbeid med dei lokale bøndene. Det er både sosialt, men også heilt avgjerande for vår del, seier Johan.
Søndagen er det meir sanking, medan nokon blir att på hegna for å vege lam før slaktebilen kjem. Dei unge bøndene kjenner området ut og inn, har trakka her sidan dei var små. Leita etter sau i timesvis.
– Det var stas å sjå kva dyr som gjekk kor, og kva dyr me skulle legge etter, alt etter korleis dei gjekk i heia. Det er ikkje like stas å finne dyra med GPS, seier Johan.
Stas eller ei – å vete kor sauen står når dei skal til med ettersank, sparar dei for mange timar til fjells. I år har nemleg alle sauene GPS-klaven Gjetargut. Bøndene i naboheiane nyttar same system, slik at det er basestasjonar fordelt rundt om i heile det store fjellområdet.
Sankehelga er eit høgdepunkt for dei fire bøndene. Å sende store fine lam til slakt gir ei god kjensle.
– Det er alltid spennande å sjå att dei dyra me har stelt frå lemminga til me lessa dei på bilen og køyrde dei til fjells. Få dei ned til hegna og på vekta. Då ser me resultatet av arbeidet me la ned i vår, seier Magne.
