BN+

Tre generasjonar: Ingeborg Sofie og Ingvar Nærland kjøpte garden i 1985. Året etterpå vart Tonje fødd. No er det ho, i lag med Atle og barna Mathilde, Henrik og Johan, som skal drive arbeidet vidare, med god støtte frå kårfolket.


Familien Nærland Kloster er klar for lamming i sitt andre år som sauebønder. Med god planlegging, og storfamilien i bakhand, gler dei seg til vårens vakraste eventyr.


Liv Kristin Sola


Det nærmar seg lemming. Tonje Nærland Kloster har kjøpt inn hanskar, smokkar, glidemiddel og ein pall med Sprayfo. Sauene er klipt, det same er klauvene. Dei firbeinte er lyst og gruppert etter tal foster. Dei har fått vitamin- og mineralbolus, og er behandla mot snyltarar. Vaksinering er siste punkt på lista over kva som må gjerast før lemming.


– Lamminga kan starte om ei veke, men dryg truleg fjorten dagar, seier Tonje.


Ho har 135 søyer og ventar 333 lam. Skiljegrindane står klar og bonden har funne fram lister, skjema og notatbøker; ei til lamming og ei med vekter. Og ho har fryst ned porsjonspakkar med middag.


– Me må jo ta vare på oss sjølve også, seier ho.


Familien på fem er klar for si andre lemming etter at dei overtok. I fjor var det Tonje som hadde hovudansvaret. I år er både ho og mannen Atle Kloster, heiltidsbønder.


– Alle bidrar, men far tar ofte nattevakta og mor tar hovudansvaret for kopplamma, seier Tonje.


Toppen er venta i påska. Då er dei godt bemanna, med storfamilien på begge sider som trør til med fjøs eller barnepass når det blir lange dagar i sauehuset.


– Lemminga er ein ting, men sauene skal ha mat og vatn og lamma må ha tilsyn også i dagane etter lemming. Det er tidkrevjande, men veldig viktig, seier Tonje.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.